Kan teikneserie om syntetisk biologi fremme tverrfagleg studentsamarbeid?

I slutten av oktober reiser ei gruppe UiO-studentar tradisjonen tru til Boston for å delta i den internasjonale konkurransen i syntetisk biologi – iGEM. Med den nytrykte teikneserien «Eventyr om syntetisk biologi» vil årets lag gi fleire innblikk i kva syntetisk biologi dreier seg om og få med studentar frå ulike fagdisiplinar ved UiO.

Elevar som les teikneserieheftet
Gjer som desse og set deg ute i haustsola med teikneserie om syntetisk biologi. Foto: Ragnhild Bugge, UiOslo iGEM 2016.
Forside hefte syntetisk biologi
I «Eventyr om syntetisk biologi» blir vi med på ein ung gut sitt første møte med syntetisk biologi og lærer saman med han. Teikneserien «Adventures in Synthetic Biology» er skriven av Drew Endy og Isadora Deese.
Heftet vart omsett til norsk av UiOslo iGEM 2014 og publisert i elektronisk versjon. No er det fornya og trykt av UiOslo iGEM 2016 til Ungforsk 2016 med støtte frå UiO:Livsvitenskap.
Sjå teikneserien på nettsida til UiOslo iGEM.
Last ned pdf her på uio.no/livsvitenskap.
Foto: Ragnhild Bugge, UiOslo iGEM 2016.

I den internasjonale studentkonkurransen i syntetisk biologi, International Genetically Engineered Machine – iGEM, går studentar frå heile verda laus på problemstillingar som syntetisk biologi kan bidra til å løyse.

Antibiotikaresistens

Årets lag frå UiO – UiOslo iGEM 2016 – prøver å utvikle ein rask test for påvising av antibiotikaresistente bakteriar ved urinvegsinfeksjonar, noko som er viktig for å kunne gi riktig behandling og sette i gang smitteverntiltak. Testen er kopla til ein eigendesigna app – Phonelab – som les av resultata. I slutten av oktober reiser laget til Boston for å konkurrere med studentar frå heile verda.

Vil få med fleire med teikneserie

UiO satsar på tverrfagleg vitskap slik som livsvitskap og ønsker at òg iGEM-laget skal spegle dette. UiOslo iGEM 2016 vil at fleire skal få auga opp for syntetisk biologi og sjå på moglegheita for tverrfagleg samarbeid i komande konkurransar. Dei har derfor trykt opp den norske utgåva av teikneserien «Eventyr i syntetisk biologi» (sjå bilete til høgre).

Gir nye erfaringar og moglegheiter

Ifølgje Ragnhild Bugge på iGEM-laget har fleire iGEM-deltakarar gått vidare med studentprosjekta sine og starta eigne selskap med lagkameratane sine.

– Om prosjektet ikkje endar opp som ei bedrift, vil studentane uansett sitte igjen med verdifulle erfaringar innan for eksempel: samarbeid og leiing, PR, idéutvikling, økonomi, nettverksbygging og praktisk sjølvstendig arbeid, seier ho.

Les meir

Torleif Tollefsrud Gjølberg og Ragnhild Bugge
Ragnhild Bugge og Torleif Tollefsrud Gjølberg frå UiOslo iGEM 2016. Foto: Yngve Vogt, Apollon.

Designer nye syntetiske bakterier

UiOslo iGEM 2016 vart intervjua av UiO sitt populærvitskaplege magasin Apollon i sommar. I intervjuet kan du lese meir om kva syntetisk biologi er, om konkurransen og om prosjektet til årets lag.

Les meir om syntetisk biologi på Bioteknologirådet si temaside

Sjå òg UiOslo iGEM si eiga nettside

 

Gløym teikneseriar som Donald Duck og Nemi og ta ein kikk på vårt nytrykte teikneseriehefte «Eventyr i syntetisk biologi»

UiOslo iGEM 2016

Av Norunn K. Torheim
Publisert 5. okt. 2016 11:47 - Sist endra 5. okt. 2016 12:12