MØNA2504 – Kultur og samfunn i Midtausten

Timeplan, pensum og eksamensdato

Kort om emnet

I løpet av det siste tiåret har Midtausten vore vitne til både revolusjonar og motrevolusjonar som har sett forholdet mellom styresmakter og innbyggarar på prøve. I dette kurset undersøker vi korleis befolkningar i ulike land i regionen organiserer sine daglege liv i lys av denne utviklinga. Vi vil særskilt ta for oss kva rolle slektskap, kjøn, og religion/sekt speler som organiserande prinsipp når statlege strukturar sviktar, eller evt. blir meir autoritære.

Har tanken om klan, stamme og slektskap blitt meir viktig i organiseringa av dei ulike samfunna i Midtausten? Er kjønnsideal- og praksis i endring? Oppnår kvinner og unge menn større makt enn før? Korleis påverkar politisk konflikt religiøse identitetar og sekteriske skiljeliner? Emnet tar utgangspunkt i korleis kvardagslivet opplevast og blir handtert på mikroplan av grupper og individ. Studiar av makt, motstand og kvardagspolitikk står sentralt.

Kva lærer du?

Etter å ha fullført emnet skal du ha:

  • lært å kjenne sentrale tema og teoriar knytt til studien av kultur og samfunn i Midtausten slik som slektskap, kjønn, sekterisme, makt, motstand og kvardagspolitikk.
  • utvikla særskild kunnskap om Midtausten på mikroplan, om korleis individ og grupper organiserer sine kvardagsliv.
  • produsert eit skriftleg akademisk arbeid der du har brukt denne kunnskapen. Dette inkluderer å utforme ei problemstilling, drøfte denne, gjere litteratursøk og kjeldearbeid.

Opptak til emnet

Studentar må kvart semester søke og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb. Dersom du ikkje allereie har studieplass ved UiO, kan du søke opptak til våre studieprogram, eller søke om å bli enkeltemnestudent.

MØNA1000 - Introduksjon til Midtøsten og Nord-Afrika: historie, samfunn, religion, politikk

Viktig: Emnet krev gode leseferdigheiter i engelsk, og skriveferdigheiter i skandinavisk språk. Om du ikkje kan lese engelskspråkleg faglitteratur vil du ikkje vere i stand til å gjennomføre dette kurset.

Overlappande emne

Undervisning

Totalt 9 forelesingar og 4 seminar. Det blir forventa at studentane deltar aktivt i forelesingane og seminara. I undervisninga blir det organisert grupper der studentane diskuterer hovudpunkta i forelesingane. I tillegg deltek studentane i ei seminargruppe der dei presenterer sitt eige tekstutkast og kommenterer utkasta til kvarandre. Slik får alle høve til å forbetre førsteutkastet sitt.

Obligatoriske aktivitetar

  • Innlevering av godkjent problemstilling og godkjent førsteutkast til semesteroppgåva.
  • Presentasjon i seminargruppa av eige førsteutkast, og opponentkommentar på minst ein annan student sitt utkast.
  • Oppmøte på minst 7 forelesingar. Første forelesing er obligatorisk for alle.
  • Oppmøte på første seminar.
  • Oppmøte i seminargruppa når du presenterer eige førsteutkast.
  • Oppmøte i seminargruppa når du opponerer på ein annan student sitt utkast.

Tema for semesteroppgåva, informasjon om prøven og andre krav vil bli gitt i undervisinga og på Canvas. Du må oppfylle krava til obligatorisk aktivitet for å kunne gå opp til eksamen.

Fråvær frå obligatorisk aktivitet

Her finn du informasjon om obligatoriske aktivitetar ved Institutt for kulturstudier og orientalske språk. Det er viktig at du gjer deg kjend med reglane for fråvær frå obligatoriske aktivitetar, slik at du unngår å bli trekt frå undervisninga og miste retten til å ta eksamen i dette emnet.

Eksamen

Semesteroppgåve.

Svaret skal vere på ca. 3500 ord. Dette inkluderer litteraturliste og referansar, men ekskluderer framside, eller eventuelle bilete eller illustrasjonar. Det er ikkje naudsynt å ha med innhaldsliste.Bruk Times New Roman 12 pkt., halvannan linjeavstand. Du kan svare på norsk, svensk, eller dansk. Du kan søke faglærar om å skrive på engelsk om du har ein særskild grunn.

Eksamen skal leverast i Inspera - sjå rettleiingar for digital eksamen.

Eksamensspråk

Du kan svare på eksamen på norsk, svensk, dansk eller engelsk. Søknad om engelsk oppgåvetekst sender du til kontaktpunktet for emnet.

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.

Meir om eksamen ved UiO

Andre rettleiingar og ressursar finn du på fellessida om eksamen ved UiO.

Sist henta frå Felles Studentsystem (FS) 30. juni 2024 14:21:43

Fakta om emnet

Nivå
Bachelor
Studiepoeng
10
Undervisning
Haust
Eksamen
Haust
Undervisningsspråk
Norsk