Timeplan, pensum og eksamensdato

Kort om emnet

Vidaregåande kurs i det vitskaplege studiet av morfologi.

Dette emnet er eit kunnskapsemne med sluttvurdering.

Kva lærer du?

Emnet skal gje studentane innsikt i moderne morfologiske teoriar og gje dei grunnlag for å arbeide med morfologiske problemstillingar sjølve. Emnet skal også gje øving i skriftleg framstilling og argumentasjon.

Opptak og tilgangsavgrensing

Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.

Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram eller søkje om å bli enkeltemnestudent.

Forkunnskapar

Obligatoriske forkunnskapar

Enten LING1101 – Fonetikk, fonologi og morfologi 1 (nedlagt) eller LING1112 – Morfologi og syntaks 1
Tilsvarende dokumenterte kunnskaper kan gi grunnlang for opptak til emnet.

Overlappande emne

10 studiepoeng overlapp mot LING4117 – Morfologi 2 (nedlagt)

Undervisning

Det gis totalt 28 undervisningstimar, 2-4 timar i veka og enkelte undervisningspausar undervegs.

Adgang til undervisning

Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk undervisning, har du ikkje krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.

Eksamen

Eksamen på emnet er ei mappe som omfattar ei oppgåve og en klasseromseksamen som varar i to timar. Oppgåva skal være på om lag 5 sider. Det vert sett ein samla karakter på grunnlag av klasseromseksamen og oppgåva.

Alle innleveringsoppgaver (inkl. obligatoriske kvalifiseringsoppgaver) skal leveres med fuskeerklæringsskjema, som finnes på denne siden:
http://www.hf.uio.no/studier/admin/eksamen/fusk/

Eksamensspråk

Du kan svare på eksamen på norsk, svensk, dansk eller engelsk. Søknad om engelsk oppgåvetekst sender du til kontaktpunktet for emnet.

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.

Grunngjeving og klage

Tilgang til ny eller utsett eksamen

Trekk frå eksamen

Det er mogleg å ta eksamen i emnet inntil tre gonger. Dersom du trekkjer deg frå eksamen etter fristen eller under eksamen, brukar du eit eksamensforsøk.

Tilrettelagt eksamen

Søknadsskjema, krav og frist for tilrettelagd eksamen.

Evaluering av emnet

Vi gjennomfører fortløpande evaluering av emnet, og med jamne mellomrom ber vi studentane delta i ei meir omfattande evaluering.

Periodisk emnerapport høst 2011
Periodisk emnerapport høst 2009
Periodisk emnerapport vår 2007

Anna

Minimum 5. Studentar tekne opp til eit studieprogram der emnet inngår blir prioriterte.

Obligatorisk erklæring som vedkjem fusk skal leverast saman med alle obligatoriske kvalifiseringsoppgåver og eksamensinnleveringar:
Obligatorisk erklæring nynorsk
Obligatorisk erklæring bokmål

Fakta om emnet

Studiepoeng
10
Nivå
Bachelor
Undervisning
Kvar haust
Eksamen

Samme semester som undervisninga gis.

Undervisningsspråk
Norsk