NOR4115 – Historisk morfologi i skandinavisk

Timeplan, pensum og eksamensdato

Kort om emnet

Emnet gir ei innføring i nokre ulike morfologiske modellar og teoriar, og korleis ein kan gjera historisk materiale relevant for diskusjonen mellom dei ulike modellane. Derfor inneheld kurset også eit kort oversyn over norsk og nordisk morfologi i historisk perspektiv.

Forholdet mellom diakroni og synkroni vil bli teki opp, liksom ulike syn på kva plass morfologien har i språkvitskapen, og morfologisk endring versus andre typar endring. Emnet handlar også om korleis ein tolkar materiale, og korleis grannedisiplinar kan brukast til å kaste lys over morfologien.

Pensumomfang: 600 - 700 sider. Pensum finst på emnesida for kvart semester.

Kva lærer du?

Studenten skal bli i stand til å arbeida vitskapleg med morfologi, både synkront og diakront, ved m.a.

  • bruk av modellar og teoriar i samband med master- eller doktoravhandling
  • kritisk vurdering av forskingsresultat innanfor feltet

Opptak og tilgangsavgrensing

Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.

Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram eller søkje om å bli enkeltemnestudent.

Forkunnskapar

Obligatoriske forkunnskapar

Emnet krev opptak på MA-nivå. Obligatorisk forkunnskap er NOR1100 – Norsk grammatikk

Anbefalte forkunnskapar

Tilrådd forkunnskap er dessutan EXFAC03-SPR – Examen facultatum, språkvitenskap og NOR2111 – Syntaks og morfologi i nordiske språk/NOR4112 – Syntaks og morfologi i nordiske språk

Undervisning

Seminarundervisning med 2 timar i veka i 15 veker, inkludert leseveker. Ei kvalifiseringsoppgåve, skriftleg eller munnleg, skal vere godkjend av faglærar før studenten kan gå opp til eksamen.

Mal for skriftlege kvalifiseringsoppgåver ved ILN

Godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet/kvalifiseringsoppgåve er gyldig dei to neste semestra emnet blir gitt.

Adgang til undervisning

Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk undervisning, har du ikkje krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.

Eksamen

Den obligatoriske kvalifiseringsoppgåva må vere godkjent av faglærar før studenten kan gå opp til eksamen.

Eksamen er ei semesteroppgåve på max 10 sider (à 2300 tegn utan mellomrom) som tek utgangspunkt i pensum. Tema for oppgåva blir bestemt av faglærar og student i fellesskap, og skal godkjennast av faglærar.

Obligatorisk erklæring, mal for framside og tidligare eksamensoppgåver finn du under administrer dine studier ved ILN: http://www.hf.uio.no/iln/studier/admin/

Hjelpemiddel

Ingen hjelpemiddel er tillatne.

Eksamensspråk

Det er mogeleg å svare på eksamen på norsk, svensk eller dansk. Om bruk av målform i eksamensoppgåver, sjå § 5.4 i Forskrift om studium og eksamenar ved Universitetet i Oslo.

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala bestått/ikkje bestått. Les meir om karakterskalaen.

Grunngjeving og klage

Tilgang til ny eller utsett eksamen

Tilrettelagt eksamen

Søknadsskjema, krav og frist for tilrettelagd eksamen.

Evaluering av emnet

Vi gjennomfører fortløpande evaluering av emnet, og med jamne mellomrom ber vi studentane delta i ei meir omfattande evaluering.

Periodisk evaluering av emner ved ILN

Periodisk emnerapport vår 2011

Fakta om emnet

Studiepoeng
10
Nivå
Master
Undervisning
Eksamen
Undervisningsspråk
Norsk