Overgangsordning for enkeltemne i realfag

Hausten 2018 og 2019 blei dei spesielle opptakskrava til enkeltemne i realfag endra. Hovudregelen er at alle enkeltemnestudentar må dekkje dei endra krava, men det blei gjort unntak for aktive enkeltemnestudentar som oppfylte desse to krava:

  • Hadde aktiv enkeltemnestudierett i realfag våren 2018.
  • Har bestått emne ved MN-fakultetet i tidsrommet våren 2015 - våren 2018.

Inngår du i overgangsordninga, må du først dokumentere dei nye krava frå hausten 2022. Gjeld dette for deg, fekk du ein e-post med informasjon før hausten 2018.

Skal du søkje opptak til studieprogram?

Endringane i opptakskrava skjedde fordi det frå hausten 2018 og hausten 2019 blei innført nye spesielle opptakskrav til nokre studieprogram. Søkjer du opptak til desse studieprogramma, finst det ingen unntak frå å dokumentere dei nye krava:

  • Bachelorprogram innan matematikk, naturvitskap og teknologi
  • Informatikk: robotikk og intelligente systemer (bachelor)
  • Honours-programmet, studieretning realfag (bachelor)
  • Realfag (årseining)
  • Lektorprogrammet, studieretning realfag

Meir om spesielle opptakskrav til program ved UiO.

Kontakt

Knutepunktet - sentralt studentinformasjonssenter

Publisert 28. nov. 2017 18:54 - Sist endra 21. jan. 2020 12:32