Reglar for målbruk ved UiO

Språklova skal mellom anna sikre at alle offentlege organ tek ansvar for å bruke, utvikle og styrke bokmål og nynorsk. Språkrådet har nettsider med informasjon om reglar for bruk av bokmål og nynorsk i det offentlege (sprakradet.no).

Tekst på nett

I generell skriftleg informasjon som staten lager for eit eksternt publikum, skal det vekslast mellom bokmål og nynorsk. Kravet gjeld ikkje for tekstar som er laga for intern bruk, til dømes stoff til intranettet. 

Rapport til Språkrådet

UiO sender rapport til Språkrådet om bruk av bokmål og nynorsk innan utgangen av januar kvart år. Kvar enkelt eining ved UiO har ansvar for å oppfylle språklova. Avdeling for kommunikasjon har ansvar for å samle inn informasjon og sende dette til Språkrådet.

Når det gjeld innhald på nett, bruker Språkrådet eit digitalt verktøy som haustar inn nettsidene til alle statsorgan, "Målfrid" (sprakradet.no), for å skaffe seg oversikt over bruken av bokmål og nynorsk. 

Sjå også

Kontakt

Seksjon for kommunikasjon

Publisert 6. juli 2010 09:45 - Sist endret 4. mai 2023 15:56