Forsidemal nynorsk

Klipp og lim inn informasjonen under. Lenkjer blir overførde.

Skriftleg heimeeeksamen i [emnekode]
ÅR SEMESTER
Tid: [dato, klokkeslett] til [dato, klokkeslett]

Det er viktig at du les denne informasjonen nøye før du startar.

Generell informasjon:

  • Viktige meldingar under eksamen blir gitt direkte frå faglærar på semestersida til emnet eller i Canvas, om emnet ditt bruker det. Det er difor viktig at du sjekkar semestersida/Canvas-rommet jamleg.  
  • Svara dine skal reflektere ditt eige, sjølvstendige arbeid og skal vere eit resultat av eiga læring og arbeidsinnsats.
  • Alle hjelpemiddel er tillatne ved skriftleg heimeeksamen. Om du bruker tekst frå bøker, nettartiklar eller liknande, så må du vise til desse kjeldene i svaret ditt for å unngå å bli mistenkt for å kopiere tekst ulovleg. Dette gjeld også om du omset tekst frå andre språk.
  • Du er sjølv ansvarleg for å sikre at eksamenssvara dine ikkje er tilgjengelege for andre under eksamenstida, verken fysisk eller digitalt.
  • Hugs at eksamen skal vere anonym. Du skal ikkje oppgi verken ditt eige namn eller namna til andre studentar.
  • Om du skal levere ein PDF-fil som svar: sjekk korleis du opprettar ein PDF-fil.
  • Om du vil trekkje deg frå eksamen, trykk på hamburgermeny oppe til høgre i Inspera og vel "Eg vil trekkje meg".

Samarbeid under eksamen:

Det er ikkje lov å samarbeide eller kommunisere med andre under eksamen. Samarbeid og kommunikasjon vil bli rekna som forsøk på fusk. Det blir gjort plagiatkontroll av alle eksamenar. I plagiatkontrollen blir likskap i tekst mellom kandidatar sjekka. Om du bruker notat som er utarbeidde i samarbeid med andre før eksamen, kan dette gi treff i ein plagiatsjekk. Slik likskap mellom tekstar kan bli betrakta som låg sjølvstende eller forsøk på fusk. Unngå difor klipp/lim frå notat laga i samarbeid med andre.

Kjeldebruk: [faglærar kan ev. fjerne dette]

Du skal skrive eksamen innanfor ein akademisk standard. Les UiOs nettsider for korleis du bruker kjelder

Fusk:

Les om kva som blir rekna som fusk på UiOs nettsider.

[Gjeld eksamener på 4 timar eller mindre] 30 min. ekstratid:

Du har fått 30 min. ekstra til teknisk sjekk før innlevering (f.eks. til opplasting av fil/digital handteikning). Sjekk korleis du leverer inn digital handteikning. Ekstratida skal du bruke til teknisk sjekk, ikkje til å arbeide med eksamen.

 

Kontaktinfo:

Brukarstøtte eksamen

Publisert 27. mai 2021 11:18 - Sist endret 22. nov. 2023 14:56