English version of this page

Emneevaluering

Alle emner skal evalueres kvar gong de gjennomføres. Her er ei oversikt over  emneevaluering og oppgåvedeling mellom emneansvarleg og studiekonsulent. 

Emnekontakt

  • Alle emne skal ha ein emnekontakt.
  • Dette er ein student som tar emnet. Studenten bør helst vere student på eit av våre program. 
  • Emnekontakten er bindeledd mellom emneansvarleg og studentane som tar emnet.
  • Emnekontakten har ansvar for å gi tilbakemeldingar frå seg sjølv og medstudentar til emneansvarleg undervegs og i evalueringsmøte.

Meld inn navn og kontaktinfo til emnekontakt

Emneansvarleg sitt ansvar

  • Få på plass emnekontakt ved oppstart av emnet
  • Avtale med emnekontakt når og korleis undervegsevaluering skal gjennomførast
  • Informere studiekonsulent om kven som er emnekontakt

Studiekonsulent sitt ansvar

  • Informere emnekontakten om rolle og ansvar. (MAL e-post/nettside). 

Undervegsevaluering

Alle emne skal ha undervegsevaluering. Denne evalueringa skal skje undervegs i undervisinga. 

Eit minumumskrav er eitt møte mellom emnekontakt og emneansvarlig. 

Emneansvarleg sitt ansvar

  • Organisere og gjennomføre undervegsevaluering
  • Ta notatar frå evaluering

Evalueringsmøte

  • Kort tid etter undervisinga er ferdig blir det organisert evalueringsmøte.
  • For å kunne lære på tvers av emne, og for å effektivisere, blir fleire emne evaluert på same møte.
  • Emna blir delt inn etter bolkar, område eller år. Kvart emne får 15-20 min.
  • Emnekontakt og emneansvarleg, i tillegg til studiekonsulent og programleiar deltar på møtet. 
  • På evalueringsmøtet gir emnekontakten tilbakemeldingar frå studentane. Emneansvarleg, studiekonsulent og programleiar kan stille spørsmål eller kommentere. 

Emneansvarleg sitt ansvar

  • Delta på evalueringsmøte 
  • Ta notatar til rapport 

Studiekonsulent sitt ansvar

  • Organisere, kalle inn til og delta på evalueringsmøte. 

Rapport og oppfølging

Etter evalueringsmøtet skal emneansvarleg skrive rapport. Rapportar skal godkjennast av programrådet.

Mal for emnerapport

 

Emneansvarleg sitt ansvar

  • Skriv rapport etter evalueringsmøtet og lever i nettskjema. Du kan fylle ut direkte i nettskjema eller lime inn teksten du har skrevet.
  • Merk at rapport blir publisert.

Fyll inn nettskjema

  • Følge opp behov for endringar i emnet i samarabeid med aktuell områdeansvarlig / programleder og søk programrådet om endringar.

Sekretær i programrådet sitt ansvar

  • Publisere rapportar på programsida under "Evalueringer".
Publisert 25. nov. 2021 09:19 - Sist endret 28. mai 2024 13:20