Adrienne Vestli er fast tilsett som studiekonsulent ved ILOS

Adrienne har vore vikar ved instituttet sidan mars. No har ho blitt fast tilsett studiekonsulent med ansvar for eksamen i spansk, portugisisk, italiensk, tysk og nederlandsk, samt EUS-emnene.

Før Adrienne kom til UiO, var ho vikar ved studieadministrasjonen på Institutt for journalistikk og mediefag ved OsloMet. Ho har ein variert bakgrunn innan språk, litteratur og administrasjon med ungarsk og portugisisk lektorprogram frå heimlandet sitt, og ein bachelorgrad i administrasjon og leiing frå OsloMet.

Kva skal du arbeide med?

– For tida jobbar eg med eksamen i spansk, portugisisk, italiensk, tysk og nederlandsk, samt at eg er eksamenskonsulent for EUS-emnene. Eg har hatt gleda av å jobbe med tre ulike fagmiljø og mange flinke studentar, seier Adrienne.

Kva likar du å gjere når du ikkje er på job?

– Når eg ikkje er på jobb, tilbringer eg mesteparten av tida med familien min. Vi likar oss ute i skog og mark, anten til fots eller på terrengsyklar. Når vi er heime, likar vi å kose oss med god mat og brettspill eller film, avsluttar Adrienne.

Av Ragnhild Norheim Førland
Publisert 16. nov. 2020 07:43 - Sist endret 23. aug. 2022 11:01