Marit Grøtta har fått opprykk til professor

Marit Grøtta fekk 28. februar opprykk til professor. Ho seier at opprykket inneber ei anerkjenning av arbeidet sitt, som ho set enormt stor pris på.

Bildet kan inneholde: briller, hår, ansikt, eyewear, briller.

Marit Grøtta byrja som førsteamanuensis i allmenn litteraturvitskap ved ILOS i april 2015. Då hadde ho akkurat gjeve ut ei bok om Baudelaires medieestetikk, og sidan har ho arbeida mykje med forholdet mellom litteratur og andre medium og kunstformer. Ho har òg laga undervisingsemner med dette som tema.

Dei siste åra har Grøtta undersøkt korleis skjønnlitteraturen utforskar fotografimediet. Ho har konsentrert seg om litterære skildringar av portrettfotografiar tidleg på 1900-talet, altså ei tidleg fase i dei tekniske bileta si historie:

- Forfattarar som Marcel Proust, Franz Kafka og Virginia Woolf gjev tankevekkande skildringar av korleis ein stilte seg til eit relativt nytt medium og lærte seg å leve blant bilete. Dei litterære skildringane av portrettfotografiar på denne tida er særleg interessante når ein ser dei i lys av dagens mediesituasjon. Det handlar om forholdet mellom nærvære og fråvære og korleis kvardagen vert prega av visuelle «dobbeltgjengarar» og medierte relasjonar.

Marit Grøtta fortel at opprykket til professor inspirerer ho til å arbeide vidare med nysgjerrigheitsdriven forsking.

Vi gratulerer med opprykket!

Av Ragnhild Førland
Publisert 26. mai 2020 13:41 - Sist endret 26. mai 2020 13:41