Benjamin Barbier er ny vikar ved ILOS

Benjamin er tilsett som studiekonsulent vikar med ansvar for ulike emne i fransk, engelsk, tysk og nederlandsk.

Benjamin Barbier (foto: privat)

Benjamin kjem frå Amiens, ein by i Nord-Frankrike som er berømt for sin katedral, sin tekstilindustri og sine makronar. Han har studert engelsk og juss i heimbyen sin, samt EU-juss i Cardiff, Wales. Han har budd i Noreg sidan 2012 og jobba tidlegare på NOKUT, der han arbeidde med godkjenning av utanlandsk utdanning.

På fritida likar han å lese bøker og å gå lange turar. Han set pris på god og enkel mat og er glad i å dyrke sine eigne frukt og grønsaker.

Vi ønsker Benjamin velkomen til ILOS!

Av Ragnhild Norheim Førland
Publisert 9. feb. 2021 08:42 - Sist endret 9. feb. 2021 08:42