Atle Libæk Wold har fått opprykk til professor

Atle ser fram til å jobbe vidare med å utvikle britiske studium ved ILOS, no som professor i faget.

Bildet kan inneholde: smil, skjorte, skjegg, kjole skjorte, kjeve.
Foto: UiO/Jarli&Jordan

Atle Libæk Wold har bakgrunn som historikar med ei særskild interesse for den litt rare britiske unionsstaten; både korleis den oppstod, og korleis den (så langt) har overlevd ei lang rekke utfordringar. I forskingssamanheng ga dette seg først utslag i ei interesse for Skottlands rolle i unionsstaten på slutten av 1700-talet, men seinere òg for skotsk politikk i dag med særleg tanke på sjølvstendespørsmålet. Dette blir eit sentralt tema i det nye masteremnet ENG 4518, Scottish Politics som Atle gler seg til å undervise for første gang no til hausten.

I seinare år har Atle jobba mest med det historiske fenomenet kaperverksemd, og i tilknyting til det, forholdet mellom krigførande og nøytrale. I den samanheng har han vore særskild interessert i spørsmålet om korleis nøytrale skal forholde seg til dei krigførande, kva dei kan og ikkje kan gjere, eit tema som vel kan seiast å ha fått fornya aktualitet i år. På 1700-talet var det til dømes sett på som heilt uakseptabelt for nøytrale land å sende eller selge våpen til krigførande land, punktum.

Vi gratulerer Atle med professoropprykket!

Av Ragnhild Norheim Førland
Publisert 17. juni 2022 13:48 - Sist endret 17. juni 2022 14:45