Ingeborg Dalby er ny studiekonsulent

Ingeborg Dalby har jobba som studiekonsulent ved UiO sidan 2013, først på Institutt for lingvistiske studium, deretter Institutt for kriminologi og rettssosiologi og sidan 1. juni på ILOS.

Ingeborg skal vere studiekonsulent for polsk, tsjekkisk, bosnisk/kroatisk/serbisk, og eksamenskonsulent for dei same fagområda samt for russisk, spansk og portugisisk. Ho har ein master i lingvistikk frå ILN og ein bachelor i russisk språk frå ILOS.  I masteroppgåva si såg ho, kort fortalt, på verbbøying hos norske og russiske pasientar med Alzheimers sjukdom.

På fritida tilbringer Ingeborg mykje tid saman med familien sin, beståande av ein mann og to barn. I tillegg har familien ein skjønn strihåra dvergdachs. Ellers synes Ingeborg at livet er pilates og strikking.

Ingeborg er veldig glad for å være attende på HF, og vi ønsker henne velkomen til ILOS!

 

Av Ragnhild Norheim Førland
Publisert 18. aug. 2022 12:32 - Sist endret 18. aug. 2022 12:32