Hva jobber SENKU med nå?

I denne artikkelserien tar vi for oss hva de ulike seksjonene jobber med for tiden. På grunn av forebygging av smitte av koronaviruset har mange hjemmekontor.

Bildet kan inneholde: tekst, logo, font, produkt, merke.

Hvilke funksjoner utføres fysisk på museet?

Mesteparten av arbeidet i seksjonen blir gjort heime. Samstundes har noko arbeid knytt til ivaretaking av gjenstandar / samlingar blitt tatt hand om. Mellom anna har arbeid knytt til naudsynleg ivaretaking av gjenstandar og samlingar blitt utført på Økern. I Historisk Museum har arbeidet med fotodokumentasjon av myntsamlinga halde fram nå i april og mai.

Hva prioriterer seksjonen nå? 

På mange område har arbeidet blitt utført i tråd med årsplan og andre planar. Det gjeld t.d. høve til utstillingsarbeid og utstillingsførebuande arbeid, som har vore mogleg å vidareføre. Det gjeld ikkje minst arbeid med bokmanus, artiklar og ferdigstilling av avhandlingar. Dette er arbeid som i utgangspunktet er relativt uproblematisk å gjennomføre frå heimekontor, men sjølsagt avhengig av situasjonen knytt til stengde barnehagar og skular, for dei det er aktuelt for. For fleire medarbeidarar har dei siste vekene vore travle med søknadsarbeid fram mot NFR-fristen 20. mai.

Hva er satt på vent?

Fleire oppgåver og arrangement har blitt utsett eller må tenkjast om. Det gjeld mellom anne utstillingsopning (Kjensler i antikken og det gamle Egypt) og lansering av Santal-portalen (https://www.khm.uio.no/english/research/collections/santal/). Det gjeld også ulike seminar, t.d. SENKU-seminaret, arbeidsmøter, konferansedeltaking osv. Vidare er også ulikt arbeid med gjennomgang av samlingar, magasinarbeid, gjenstandsrevisjon mm. påverka av situasjonen dei siste månadene.

Av Olav Hamran
Publisert 26. mai 2020 12:27 - Sist endret 26. mai 2020 12:27