Nynorskmengda på khm.uio.no er no over 25 %

Sidan midten av mars har det blitt arbeidd med å løfte nynorskprosenten på khm.uio.no til å bli over 25 %, frå å vere 4,3 % i utgangspunktet.

Bildet kan inneholde: tekst, font, logo, merke.

25 % er prosenten med nynorsk som statsorgan er pålagt å ha i alt publikumsretta, skriftleg materiale i følgje mållova. Arbeidet med å omsetje er tidkrevjande eller kostbart. Men på grunn av ein endra kvardag i koronatidene, fekk prosjektet ei rask utvikling.

Anne Skogsfjord hjå Arkeologisk seksjon har gjort den store jobben med omsetjinga. Som har blitt fleire hundre nettsider på tvers av heile nettstaden til Kulturhistorisk museum.

Mange vil legge merke til at nynorsk har blitt mykje meir synleg på nettstaden. På grunn av eit stort omfang sider som er gamle nyheitsartiklar og anna innhald som etter kvart vil utgå, har mykje av arbeidet vore å finne og omsetje dei nettsidene som vil vare ei stund.

Takk til Anne Skogsfjord for innsatsen.

Vegen vidare vil handle om å halde nynorskprosenten innanfor dei lovfesta rammene. Meir informasjon om dette vil bli publisert i nyheitene for tilsette seinare.

Av Asbjørn Ness
Publisert 11. juni 2020 08:59 - Sist endret 11. juni 2020 11:41