21 søknader til Forskingsrådet

Helsam sto bak i alt 21 søknader til Forskingsrådet våren 2020. 15 av søknadane vart sendt i samband med den ordinære søknadsfrist i mai, 6 søknadar til hasteutlysinga på Covid-19 i mars.

Til den ordinære søknadsfristen i mai sendte Helsam 12 søknader som koordinerande, 2 som partner, samt ei skisse. Av dei seks Covid-19-søknadane, vann Helsam igjennom på to av søknadane som koordinerande, samt i eit prosjekt som partner. Les: NFR-støtte til covid-19-forskning ved Helsam.

– Den totale søknadsmengda frå Helsam våren 2020 har gått litt ned, samanlikna med 2019 då det blei sendt i alt 23 søknadar til. Søknadsperioden under våren 2020 har utan tvil vore prega av COVID-19-situasjonen, seier Maria Olofsson, seksjonsleiar for forskingsadministrasjonen ved Helsam.

Oppfølging og forankring

Også i år arrangert forskingsadministrasjonen frivillig søknadsskrivekurs for potensielle søkarar ved Helsam. Til tross for Covid-19 og stenging av universitetet i mars, vart søknadsskrivekursa gjennomført digitalt.

Søknadsskrivekurset er meint for å gi verktøy for å fremje konkurransedyktige søknadar, samt å informere om endringar i søknadsprosessen frå Noregs forskingsråd (NFR) – også i år var det innført fleire nye moment. 

På Helsam er det krav om at alle søknader skal vera forankra i organisasjonen før ein søker. Formålet med dette er å sikre forankring hos fagleg leiing via avdelingsleiar, kvalitetssikring av budsjett, samt å kunne tilby søkarane bistand med sjølve søknaden.

– Det er viktig at søknadsteamet blir involvert så tidleg som mogleg i søknadsprosessen. Når søknadsteamet mottar utkast til søknaden i en tidleg fase i prosessen, gir det ein mykje betre føresetnad for å kunne gi søkaren ei ordentlig oppfølging, presiserer Olofsson.

Viktig innsats

Sjølv om det vart sendt færre søknader til NFR sin vårfrist i 2020 enn det som var tilfellet i 2019, er instituttleiinga godt nøgd med instituttet sin søknadsinnsats i ei krevjande tid.

I tillegg til NFR-søknadane i vår, har det blitt sendt inn fleire EU-søknader frå Helsam – 7 søknader som partner og 3 som koordinerande. Den siste EU-søknaden hadde frist 4. juni.   No handlar det om å sjå fram mot ein ny runde EU-søknader i august, og ein ny søknadsrunde mot NFR i september.

– Konkurransen om midlar er stor. Søknadsinnsatsen som blir lagt ned er svært viktig for Helsam. Det blir no spanande å sjå kva utteljing instituttet får på 2020-søknadane. Alle forskarar ved instituttet er oppmoda til å nytte seg av den søknadsbistanden som er tilgjengeleg. Formålet med dette er jo nettopp å kunne levere så gode og konkurransedyktige søknadar som mogleg, seier instituttleiar Terje P. Hagen.

Publisert 19. juni 2020 09:12 - Sist endret 19. juni 2020 09:12