Ønsker du å styrkje samarbeidet med internasjonale miljø på forsking?
Vitskapeleg tilsette, postdoktorar og doktorgradsstudentar ved UiO kan søke stønad for å styrkje samarbeidet med internasjonale miljø.
UiO: Livsvitskap gjev stønad til internasjonalisering på tre måtar. Du kan søkje midlar til gjesteforskare og søkje stønad til planlegging og etablering av samarbeid med internasjonale partnerar. I tillegg er det muleg å søke stønad til reise for unge forskarar før opphald ljå internasjonale forskargruppe for å byggje nettverk og tileigne seg ny kunnskap.
Praksisplassar i industrien
Master- og doktorgradsstudentar ved UiO kan søkje stønad til praksisplassar frå 3 til 6 månader i livsvitskapsindustrien. Desse plassane vert gitt til kandidatar som ønskjer å sjå på moglegheiter til karriere etter fullført grad, eller som ønskjer å tileigne seg kunnskap og røynsle frå arbeid i livsvitskapsindustrien.
Stønad til arrangement
Vitskapeleg tilsette og studentar ved UiO kan søkje midlar for å finansiere delar av opne arrangement som er i tråd med strategien for satsinga på livsvitskap. Formålet er å stimulere til meir tverrfagleg arbeid, og stønaden vert fyrst og fremst delt ut til dei opne arrangementa som har føremål å føre til økt samarbeid mellom fakulteta.