UV-nytt veke 14

Påska er over og marsjen mot sommaren i gong! Vi minner om at innspelsfristen for haustprogrammet i kulturhuset Domus Bibliotheca er 3. mai og rådar dei som skal ha dialogseminar med stor allmenninteresse om å vurdere dette lokalet framover.  

 

 Bildet kan inneholde: terrestrisk plante, font, aqua, mønster, symmetri.AKTUELT

Stipendiatprofil frå ILS: Kvar einaste dag må barn og unge forhalde seg til ein kompleks tekstrøyndom. Men kva inneberer det å lese kritisk? Og korleis skal vi sikre at elevar utviklar denne viktige kompetansen? 

Lyst å sitje i Universitetsstyret? No er det val av midlertidig vitskaplege tilsette til Universitetsstyret for perioden 2024-2025. Føreslå ein kandidat her.

Helga heile veka! Neste veke arrangerer studentane ved UV sin årlege festival: Helga Hele Uka. I samband med dette vil garderobene i kjellaren på Helga Engs hus vere utilgjengelege torsdag 11. april og fredag 12. april. Sjå revyen eller bli med på noko anna moro!

Lærebok i juss for skuleleiarar i kjømda: Målet med boka er gjere skuleleiarar medvitne om kva handlingsrom dei har, og korleis juridiske dilemma kan handterast gjennom pedagogisk og profesjonelt skjønn. Signert ILS-forskarane og -undervisarane Ann Elisabeth Gunnulfsen og Jeffrey Hall.

Ny podkastepisode frå SpedAims: Kva er eigentleg dysleksi? Denne må du får med deg!

 

""ARRANGEMENT

9. april: Inspera for studiekonsulentar
UV arrangerer et studiekonsulentmøte om Inspera kl.10.

11. april: Om prøver i Inspera for alle tilsette
Det blir kurs i å lage eksamensoppgåver og prøver i Inspera kl.13. 

16. april: Etisk komité på UV?
UV-fakultetet inviterer til presentasjonar og diskusjon om eventuell etablering av ein fakultær internetisk komité. Meld deg på i dag!

25. april: Om sensur i Inspera
Lær om sensur i Inspera kl.13. 

4. juni: Jobbklar med utviklingshemming

Fagseminaret bringer saman forskarar, politikarar, arbeidsformidlarar og arbeidstakarar med lett utviklingshemming i dialog om kva som skal til for å lykkast i arbeidslivet. Kun hundre ledige plassar, så meld deg på i dag! Meld deg også på Facebook-arrangementet og del gjerne med relevante miljø.

12. juni: Toppforskarar om barns språk- og leseutvikling til Oslo
Språksterk: Fem toppforskarar frå New York University og Harvard deltar på konferansen. Dei vil fokusere på korleis vi kan støtte barns læring og utvikling i ulike nasjonale kontekstar, inkludert i krigherja område. På konferansa vil også Språksterkresultat frå IPED leggast fram.

TIPS! 
Er du ansvarleg for eit arrangement? Då er det nyttig å bruke UiOs arbeidsstøttesider. I tillegg kan du alltid kontakte din lokale kommunikasjonsrådgivar for ein samtale. Minner om at fristen for å melde inn arrangement til Domus Bibliotheca for hausten er 3. mai.

""NYTT FRÅ IDEA

11. april: Velkommen til dette åpne seminaret hvor professor Mutlu Cukurova fra University College London vil snakke om læring, analyse og kunstig intelligens i utdanning

25. april: Vi ser frem til å invitere deg til neste workshop i serien vår, Bruk av KI i undervisning: Eksamensdesign.

Vi har igjen oppdatert KI-nettsiden vår til å inkludere et nettskjema for tilbakemelding! Har du forslag til IDEA på hvilke ressurser som vil hjelpe deg best angående bruk av GenKI innen pedagogikk? Gi oss beskjed!

 

""FINANSIERING 

UiO-studentar og -tilsette kan søke UiO:Livsvitenskap for delfinansiering av arrangement. Frist: 1. juni.

The application portal for applications to either SCANCOR Stanford or Harvard in the Winter / Spring term 2025 have opened. Both applications will be open until May 1, 2024.

 

Bildet kan inneholde: font, bildekk, murverk, terrestrisk plante, mønster.LEDIGE STILLINGAR 

Det er utlyst fleire stillingar ved UV. Vi sett pris på all innsats med å spreie stillingane ved UV. Takk til alle som hjelper oss å dele!

 

""SOSIALE MEDIUM

Følg oss, lik, tagg og del!

Tilbake til skulen og livet etter kreft. Denne veka har ISP-Eva-Mari Andersens forsking fått mykje merksemd på Facebook. Podkasten har hatt over 30 000 avspelingar på dei to vekene han har ligge ute. Om du ikkje har høyrd episoden enno: her er iTunes-lenka.

 

Emneord: uv-nytt, nyhetsbrev, nyheitsbrev Av Monica Bjermeland
Publisert 4. apr. 2024 14:02 - Sist endret 13. juni 2024 13:19