UV-nytt veke 24

Ho forska på barneteikningar, sjelelivet til tenåringar og grunnla norsk pedagogisk psykologi. Les meir om Helga Eng, plaketten ho fekk denne veka, søkartalet til den nye PPU-masteren, UVs nye møteplass, kvifor løna di er så rar i juni og mykje meir.

 

 Bildet kan inneholde: terrestrisk plante, font, aqua, mønster, symmetri.AKTUELT

Helga si veke! Måndag blei pedagogikkpioneren Helga Eng heidra med eit skilt på bygninga der ho budde på St. Hanshaugen. Men kven var eigentleg fagmennesket Eng? Les denne interessante saka ført i pennen av IPEDs Marit Eline Lervik Christensen, og lær meir om dama som gav namn til bygget du kanskje sit i. 

Bildet kan inneholde: anlegg, vindu, frakk, bygning, nabolag.
Helga Eng blei internasjonalt kjend for forskinga si om barneteikningar. No er minnet om ho foreviga i Waldemar Thranes gate. Foto: Shane Colvin

Svimlande 168 søkarar konkurrerer no om dei 50 plassane PPU-masteren ILS startar opp til hausten. Dette har blitt lagt merke til i media, til dømes i Khrono og Utdanningsnytt.

Korleis bruke samtalerobotar i undervisningsopplegg i grunnskulen? Modellering og oppfølging frå læraren er stikkord, skal vi tru IPEDs Henrik Tjønn, Sten Ludvigsen og Anders Mørch som formidlar til lærarar i Bedre Skole.

CEMO is on the move from Oslo Science Park. From July you can find CEMO in the new premises at Kristine Bonnevie's house, 3rd floor, where they'll be co-located with the Centre of Excellence, CREATE.

Forvirra over lønsutbetalinga di i juni? Les meir om korleis du kan lese lønsslippen!

Valåret ved UV er godt i gang og du har høve til å engasjere deg i fakultetets framtid! Les meir om prosessane kring dekanvalet og fakultetsstyrevalet.

IPEDs Anders Mørch kommenterer i ei NRK-sak at det er store KI-forskjellar mellom ulike grunnskular rundt om i Norge.

Vurdering har potensial til å styrke studentars læring, særleg når vurderingsdesignet er gjennomtenkt og samstemt. Det veit vi frå forsking. Men vi veit mindre om kva kompetanse undervisarar har om og med vurdering, og korleis ho kjem til uttrykk i ulike vurderingsordningar i dei ulike institusjonane. Difor håpar vi du som vitskapleg tilsett vil svare på denne undersøkinga!

IPEDs Anna Mavroudi og kollegaer frå kjeveradiologi og tannpleie har fått IT-pengar til å teste samtalerobotar i sokratiske samtalar om pensum.

IDEA spør: Er det tema i undervisning og læring du brenn for? Vil du bidra til ein pågåande bloggserie for andre i UV-miljøet? Fyll ut dette interesseskjemaet for å bidra til TeachingPuls - en IDEA-sponset bloggserie hvor vi framhevar kvarandres unike pedagogiske innsikt. 

Førebu deg på det komande studieåret! Vil du bli flinkare til å navigere i teknologien i alle Helga Engs interne seminarrom? IDEA tilbyr gratis opplæring for UV-tilsette, individuelt eller i grupper, for dei som er interessert i å meistre teknologien i klasseromma og slik forbetre undervisninga si.

Les kva IPEDs Rogers Kaliisa og Jan Dolonen planlegg å bruke innovasjonspengane frå Veksthuset til.

""ARRANGEMENT

Berekraft: Årets Skule i verda-konferanse skjer 27. september, så sett av tida allereie no. Konferansa er ein møteplass for å utvikle nettverk og samarbeid for skulens arbeid med det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling.

Ny møteplass på UV: Etter sommaren inviterer UV-leiinga til ein månadleg frukostseminarserie, der du får høyre UV-forskarar og gjestar snakke om KI, innovasjon, berekraft og andre felles tema – ei ny moglegheit for å bli kjend med kollegaer på tvers!

TIPS! 
Er du ansvarleg for arrangement til hausten? Då kan det vere nyttig å bruke UiOs arbeidsstøttesider. I tillegg må du gjerne kontakte din lokale kommunikasjonsrådgivar for ein samtale. 

Bildet kan inneholde: font, bildekk, murverk, terrestrisk plante, mønster.LEDIGE STILLINGAR 

Det er utlyst fleire stillingar ved UV. Vi sett pris på hjelp til å spreie dei i relevante miljø. Takk til dykk som hjelper oss å synleggjere ledige stillingar!

 

""SOSIALE MEDIBildet kan inneholde: produkt, komfort, font, skjermdump, utgangsenhet.UM

Helga Eng er også i vinden på Instagram, plattforma der vi kommuniserer med studentane våre. Hugsar du denne frå ifjor? 

Følg oss, lik, tagg og del!

 

 

 

Emneord: uv-nytt, nyhetsbrev, nyheitsbrev Av Monica Bjermeland
Publisert 13. juni 2024 15:18 - Sist endret 13. juni 2024 15:25