UV-nytt veke 4

UiOs ikkje lenger så nye dialog- og formidlingsarena i sentrum tok for alvor av i 2023, og UV-fakultetet har auka bruken av arenaen med at han har blitt meir profesjonell og populær. I tillegg når ein av SoMe-kanalane våre nye høgder!

""AKTUELT

UV markerer seg i Domus Bibliotheca. I vår ser det ut til at UV blir endå meir aktiv i sentrum, så følg med. Fristen for å melde inn større arrangement til haustsemesteret 2024 er i starten av mai. Vi skal minne dykk om dette.

Domus Bibliotheca fasade dagtid
FIKS ved ILS brukte areanen til sine faglege frukostar med stor suksess heile fjoråret og held fram i sentrum. Kommunikasjonsseksjonen samarbeidde med einheitene om fleire arrangement. Denne våren startar forskargruppa SISCO ein ny serie i DB om kva som skjer i klasserommet; Skolens tilstand.

Bli ein cyborg! Universitetet og fakultetet sydar av initiativ som vil gjere oss betre til å samarbeide med maskiner. Du kan også sjekke ut den gratis kurskatalogen til DigitalNorway. Her finn du fysiske og digitale kurs tilpassa ditt nivå. Målet til DigitalNorway er å auke nordmenns digitale kompetanse om viktige tema i dagens arbeidsliv.

Hugs klarspråk-plikta di. Når du formidlar fagstoff til andre enn spesialistar, bør du tenkje over korleis du brukar faguttrykk. Her kan du lese Språkrådets fire smarte strategiar for god bruk av fagspråk. 

Nominer til UiOs menneskerettpris. Universitetet i Oslo inviterer no organisasjonar, foreiningar og enkeltpersonar til å nominere kandidatar til UiOs eigen menneskerettigheitspris – Lisl og Leo Eitingers fond 2024. Fristen er 15. mars.

 

""ARRANGEMENT

30. januar: Kristin Belt Skutlaberg disputerer

Master i utdanningsleiing Kristin Belt Skutlaberg ved ILS forsvarar avhandlinga "Å være rektor i arbeid med langvarige saker knyttet til elevers psykososiale skolemiljø – mellom pedagogikk, etikk og juss".

5. februar: Viviana Daza disputerer

Master Viviana Daza ved ILS forsvarar avhandlinga "Emerging Third Spaces in Teacher Education".

6 February: Guest lecture on educational effectiveness

The LEA research group proudly presents a guest lecture on “Examining educational effectiveness in lower- and middle-income country contexts” by Dr Rhiannon Moore from The Open University (UK).

7-9 February: SDG conference in Bergen (and partly online)

We are thrilled to finally see the programme for the annual SDG Conference in Bergen, this year, led by Professor Erik Knain, Research Dean here at the Faculty of Educational Sciences. The conference's theme is "The Role of Universities in Transformative Change." Make sure to check out the record-full list of Day Zero events, all hybrid and available.

1 February: applications deadline to SCANCOR Norway PhD course

This year's SCANCOR Norway PhD course will be given at the University of Tromsø mid-June and has the title "How to make theoretical contributions in organizational and management studies". 

""NYTT FRÅ IDEA

Sett av datoen 14. februar! Då arrangerer IDEA eit Underviningslaboratorium om kunstig intelligens i undervising og utdanning. Besøk nettsida deira for å halde deg oppdatert om dette og andre arrangement vårsemesteret 2024.

Vil du gi studentane dine en kickstart på semesteret? IDEA StudentTeam held eit StudentStudio om studieteknikkar 14. februar frå kl.14.15 til 16.00 i HES 234. Vi oppfordrar deg til å invitere studentane dine til å delta.

Treng du hjelp til å bruke utstyret i undervisingsromma i Helga Engs hus? IDEA har laga knallgode rettleiingsvideoar for deg som er ny på fakultetet eller berre er litt usikker
 

""FINANSIERING 

Kjenner du til UTFORSK? Her kan norske utdanningsinstitusjonar søke om middel til utdanningssamarbeid med partnarar i Panorama-landa (Noreg, Brasil, Kina, India, Japan, Sør-Afrika, Canada, USA og Sør-Korea). UTFORSK vil på dette viset auke kvaliteten i høgare utdanning. Merk deg to komande webinar: 30. januar for samarbeid i Amerika og 1. februar for samarbeid i Kina, Japan og Sør-Korea. Søknadsfristen til hk-dir er 15. april 2024.

Du hugsar vel fakultetets stimuleringsmiddel? Fristen er rett rundt hjørnet; 1. februar.

Søknadskalenderen til UV viser et utval av komande og attkomande utlysingar frå EU, Forskingsrådet og andre finansiørar. Klikk deg innom jamleg.
 

Bildet kan inneholde: font, bildekk, murverk, terrestrisk plante, mønster.LEDIGE STILLINGAR 

Det er utlyst fleire stillingar ved UV. Vi sett pris på all forskarhjelp til å spreie særleg dei to CREATE-stillingane i tida som kjem. Takk til alle som hjelper oss å dele!

 

""SOSIALE MEDIUM

Til deg som følgjer fakultetet på Facebook, Instagram, X eller LinkedIn: Det er lov å tagge, like og dele UV og UV-kollegaer når vi deler innhald som er relevant for deg eller følgjarane dine. Slik løftar vi kvarandre.

Meir enn 3000 følgjarar! Denne veka passerte UV 3000 følgjarar på LinkedIn-kontoen vår, ein ny milepæl for det målretta arbeidet HR og kommunikasjon har lagt ned i kanalen. På biletet under ser du kor LinkedIn-følgjarane våre kjem frå, profesjonelt og geografisk.

Skjermbilde av LinkedIn-statistikk

 

 



Ingen X her? Sjekk at du er innlogga i X i denne nettlesaren og prøv igjen.

 

Emneord: nyheitsbrev, nyhetsbrev, newsletter Av Monica Bjermeland
Publisert 25. jan. 2024 14:58 - Sist endra 29. jan. 2024 13:19