Ein dag i demokratiets teikn

Ukraina-krigen, klima- og naturkrisa, sårbarheiter i Noreg og utfordringar med fellesskapet, var blant dei mange tema som blei diskutert under Demokratikonferansen 2024.

Et panel med to kvinner og en mann snakker med samtaleleder på scenen.

Panelsamtale om demokratiets status med professorane Siri Gloppen (UiB), Sirianne Dahlum (UiO) og Carl Henrik Knutsen (UiO). Samtaleleiar er Torbjørn Røe Isaksen (samfunnsredaktør, E24).

Foto: Ellen Jarli / UiO

– Målet vårt er å skape ein ny nasjonal arena for diskusjonar om demokratiets moglegheiter og utfordringar, sa direktør ved UiO:Demokrati Tore Rem.

– Vi forskarar er opptekne av at det trengs kunnskap om demokratiet. Samtidig treng vi alle saman kunnskap i og for demokratiet vårt. Med Demokratikonferansen 2024 tar Universitetet eit tydeleg ansvar, sa Rem, og haldt fram: 

– Vi gjer dette fordi vi ser trugslane mot demokratiet internasjonalt, og fordi vi anerkjenner at vi treng å utvikle vårt eige demokrati. For å forhindre utanforskap og bidra til deltaking, for å styrke demokratiet i møte med dei store samfunnsutfordringane.

Også rektor ved UiO Svein Stølen poengterte i sin tale at demokratiet ikkje må tas for gitt.

– Derfor er UiO:Demokrati ei av tre tverrfaglege satsingar ved Universitetet i Oslo, og derfor er Demokratikonferansen etablert, sa Stølen.

Tore Rem opna og leia Demokratikonferansen 2024. Foto: Ellen Jarli / UiO

 

Demokratikonferansen 1

– Eit grunnleggande spørsmål

Kring 500 personar var samla på Blindern for å følgje konferansen. I tillegg følgde fleire hundre med via strøyming. Blant deltakarane var stortingspresident Masud Gharahkhani.

– Hugs dette: Eit fritt menneske har mange draumar, eit ufritt menneske har berre éin draum, sa Gharahkhani til eit lydhøyrt publikum.

For stortingspresidenten var temaet personleg.

– Uansett korleis vi vrir og vender på det, så er ikkje dette berre eit spørsmål om system, men det er eit grunnleggande spørsmål om korleis vi som menneske skal leve liva våre. Kva rettar og pliktar vi får.

Realiteten, poengterte Gharahkhani, er at vi no lever i ei farlegare verd i dag, der rettar er truga og under press. Vi som lever i eit liberalt demokrati har eit ansvar for å forsvare, utvikle og forbetre – men også for å støtte dei som ønskjer det same som oss.

Også utanriksminister Espen Barth Eide deltok på konferansen, han for å diskutere om det finns håp for eit framtidig demokrati i Ukraina. Han blei utfordra på Noregs rolle i krigen og samfunnsbygginga av Aage Borchgrevink og Liliia Oprysk. Før dette hadde Oxford-professoren Janina Dill dokumentert den overveldande støtta til krigen blant ukrainarar, og peikt på den demokratiske utfordringa dette representerer for dei som ønsker kompromiss.

DK-24_galleri2

Vitskap for demokratiet

Demokratikonferansen 2024 blei arrangert av UiO:Demokrati, i samarbeid med Kunnskapsbyen i Oslo (Oslo Science City) og med støtte frå Sparebankstiftelsen og Oslo kommune.

UiO:Demokrati har på eit drøyt år vekse til ni aktive forskargrupper, der rundt 100 forskarar undersøker demokratiet i stor breidd – frå teknologiens betydning for demokratiet, vitskapens rolle i demokratiet, korleis demokratiet taklar kriser og kva argument som finst mot demokratiet.

– Vi forskar, men vi skal også legge til rette for tverrfaglege utdanningstilbod om demokrati og, ikkje minst, formidle forskinga vår og ta kunnskapen i bruk, sa Rem.

Kring 70 personar var aktive på dei ulike scenene gjennom dagen. Blant bidragsytarane var, forutan ei lang rad leiande forskarar, Norsk Folkehjelps Raymond Johansen, Aftenpostens Trine Eilertsen, VGs Gard Steiro, NHOs Idar Kreutzer, LOs Liv Tørres og Julie Lødrup, Oslo kommunes Marte Gerhardsen og Julianne Ferskaug, PST-sjef Beate Gangås, Wellcome Trusts John-Arne Røttingen, NORCEs Camilla Stoltenberg og Afrobarometers Boniface Dulani.

Samtalane blei styrt av eit riktig stjernelag: Jette Christensen, Torbjørn Røe Isaksen, Shazia Majid, Umar Ashraf, Eirin Larsen og Kadafi Zaman

Programmet famna vidt, med mål om å gi ein status for demokratiet internasjonalt, nasjonalt og lokalt. Her kan du lese heile programmet.

DK-24_galleri3
Av Hanna Huglen Revheim
Publisert 24. apr. 2024 14:35 - Sist endret 24. apr. 2024 14:35