English version of this page

Historisk stor tildeling frå UiO:Demokrati

Frå 2024 får UiO:Demokrati fem nye forskargrupper. – Eg er svært nøgd med tildelinga, og over at breidda i tematikken er så stor, seier direktør Tore Rem.

Seks portretter satt sammen til et større bilde. To menn og fire kvinner.

Nye prosjektleiarar ved UiO:Demokrati (øvst frå venstre): Marius Mjaaland, Alma Leora Culén, Jonas R. Kunst. Hilde Sandvik, Eirinn Larsen og Kristin Asdal.

Foto: UiO

Kunstig intelligens, krisetider, klimaendringar, amerikansk politikk og teknologisk utvikling. Dette er tema som vann fram i konkurransen om midlar frå UiO:Demokrati. Totalt behandla styret 16 søknadar.

– Eg er først og fremst svært glad for at vi fekk inn så mange sterke søknadar også til denne utlysinga. Det visar at UiO:Demokrati stimulerer til kreativitet og nye samarbeid, seier direktør Tore Rem.

Frå 2024 vil det altså vere ni forskargrupper tilknytt satsinga.

– Dette blir fine supplement til forskargruppene vi allereie har, og vi gler oss til tida framover, seier Rem.

Her kan du lese meir om dei fire første forskargruppene ved UiO:Demokrati.

Interessa for Amerika

Uavhengig om ein ser på det amerikanske demokratiet med kjærleik eller hat, vekker samtalar om amerikansk politikk ofte sterke reaksjonar, både historisk og i notid.

– Det er ingen tvil om at det er mange kjensler knytt til det amerikanske demokratiet i Noreg. Vi har ei tett forbinding til USA, i samtalar om fridom, politikk og samfunn, seier prosjektleiar Eirinn Larsen.

Saman med professor Hilde Sandvik leiar ho gruppa «Experiencing American Democracy». Forskargruppa er alt i gang med arbeidet og prosjektleiarane fortel at støtta er kjærkommen.

Forskargruppa skal undersøke utvekslingar mellom Skandinavia og Amerika på individ, samfunns- og organisasjonsnivå. Målet er å produsere nye forståingar av korleis og kvifor amerikansk demokrati framleis vekker mange kjensler i samtalar om politikk i Norden.

– Mellom 1820 og 1920 hadde 800.000 nordmenn utvandra til USA, og på det tidspunktet var befolkninga i Noreg cirka 2 millionar. Så det var ei stor gruppe i befolkninga som drog. I tillegg kom ein tredjedel tilbake, og tok med seg tankesett og politisk kultur, seier Sandvik.

Fem personer står samlet i en gruppe foran en gul vegg. Alle smiler og er glade. Fire kvinner og en mann.
Forskargruppa er alt i gang med arbeidet, og var nyleg samla til seminar på Nasjonalbiblioteket. Her er Aud Tønnesen (TF), Terje Rasmussen (HF), Eirinn Larsen (HF), Hilde Sandvik (HF) og Ruth Hemstad (Nasjonalbiblioteket), som saman utgjer kjernegruppa. Foto: Hanna Huglen Revheim/UiO.

 

Kunstig intelligens i demokratiet

Gruppa «The AI democracy research group» er leia av professor i psykologi Jonas R. Kunst og professor i medieinnovasjon Petter Bae Brandtzæg. Denne gruppa skal forske på kunstig intelligens si rolle i demokratiske samanhenger.

– Det finst eit stort behov for denne type forsking. Vi opplever ein markant auking i bruken av KI-system som chatbottar, både personleg og profesjonelt. Men desse systema er ikkje politisk nøytrale. Det er framleis avgrensa kunnskap om korleis den veksande bruken påverkar politisk forståing og prosessar, seier Kunst.

Han meiner tverrfaglegheit innan demokratiforsking er essensielt for å sikre ein omfattande og anvendbar innsikt.

– Forhaldet mellom KI og demokrati er både vidstrakt og kompleks. For å forstå desse dynamikkane betre treng vi perspektiva frå ulike fagmiljø.

Støtta frå UiO:Demokrati skal gå til å bygge opp ei tverrfagleg forskargruppe, tilsette to doktogradsstipendiatar og gjennomføre eit omfattande forskingsprosjekt.

– Det betyr enormt mykje å få innvilga søknaden. Vi kan etablere eit spesialisert og tverrfagleg forskingsmiljø ved UiO, som forskar på eit høgst relevant og tidsaktuelt emne. Personleg er dette også ein moglegheit til å vidareutvikle kompetansen min, der eg kan bidra med psykologiske perspektiv ved skjeringspunktet mellom teknologi og politikk, noko eg alltid har vore lidenskapeleg opptatt av.

Demokratisk teknologi

Teknologi er også eit sentralt element i forskargruppa «Design4Democracy». Forskargruppa viser til at sjølv om demokratiske verdiar blir høgt skatta i mange samfunn, ser verda ei utvikling der demokratiet er på tapande front.

– Gitt minska ressursar i tillegg, er det ikkje rart at menneska leiter etter moglegheiter for å betre liva sine i meir autokratisk-lenande system. Vi meiner at teknologi har mykje å gjere med denne utviklinga, og at relasjonen mellom demokrati og teknologi – særleg design av teknologi, ikkje er fullt forstått, seier prosjektleiar Alma Leora Culén.

– Derfor er spørsmålet som vi ønskjer å jobbe med: Kan vi gjennom design av teknologi som er transparent, kollektiv, deltakande og menneskeorientert oppnå ei framtid med betre balanse i ressursfordeling, og som bevarer demokratiske verdiar og styrkar deltakande demokrati?

Culén meiner det er naudsynt med tverrfagleg demokratiforsking, då komplekse problem ikkje kan løysast frå eitt fagfelt aleine.

– I kjernegruppa vår har vi mange forskjellige kompetansar. Dette er eit heldig utgangspunkt for prosjektet.

Framover vil gruppa mellom anna tilsette ein forskar ved prosjektet, drive feltarbeid og gjennomføre ei stor spørjeundersøking.

– Det er svært fint å få sjansen til å jobbe med noko som er meiningsfullt for oss, men som også kan påverke demokratiske verdiar positivt. Vi håpar også å ha funn, både faglege konsekvensar og praktiske innverknadar på det lokale samfunnet, seier Culén.

Betydninga av krisetider

Krigar, økonomiske nedgangstider, klimaendring og demokrati. Kriser følgjer med tida, både før og no. Forskargruppa «Stakes of Democracy» skal forske på nettopp denne tematikken.

– Korleis er krisetider eigna til å fortelje oss om korleis demokratiet fungerer? Er krisetider som ein slags stresstest for systemet?

– Det synast eg var godt formulert! Men det er ikkje berre stresstest, for det er også sånn at i kriser blir ting satt på spissen. Med andre ord kan vi seie at demokratiet blir tydelegare, nettopp i kriser. Det betyr at vi kan observere og forstå sider ved demokratiet som kanskje ikkje er så tydelege i kvardagsdemokratiet, seier professor og prosjektleiar Kristin Asdal.

For forskargruppa betyr tildelinga at dei kan halde fram med å utvikle samarbeid på tvers av fakulteta SV, HF og Jus.

– Hypotesen er at demokratiet er mykje meir innovativt, epistemisk interessant, kunnskapssosiologisk vesentleg og natur-politisk sett meir nyskapande enn sitt rykte. Vi kjem til å diskutere dette med yngre forskarar og stipendiatar som vi har tenkt å lage kurs og seminar for og med. Forskargruppa legg opp til særs stor aktivitet, så planen er at mange skal høyre mykje frå oss, seier Asdal.

Demokratiet på vippepunktet

Ei krise som er høgst reell for verdssamfunnet er klimakrisa. Dette er også tematikken for forskargruppa «Democrisis». Også denne forskargruppa er alt i gang med arbeidet.

24. januar startar forelesingsrekka «Antropocen» i Domus Bibliotheca, og kurset Tverrfaglig økologi i antropocen (TFF3219/4219). Dette kurset er ope for registrering for alle studentar ved UiO, og skal gå gjennom våren 2024.

Dessutan vil også ei bok om nettopp antropocen, eller menneskets tidsalder, bli lansert i januar.

– Kort sagt kan vi seie at den økologiske krisa heng saman med ei krise for demokratiet. Både fordi vi må innrømme at den demokratiske styreforma er ein medverkande årsak til krisa, og at demokratiet særleg med sin korte tidshorisont og måten det er driven av økonomisk vekst, ikkje er i stand til å handtere krisa, seier professor og prosjektleiar Marius Mjaaland.

Mjaaland omtalar «Democrisis» som eit radikalt tverrfagleg prosjekt, der det inngår forskarar frå biologi, antropologi, teologi, filosofi, psykologi og geografi. Mykje av forskinga tek utgangspunkt i spørsmål om når klimakrisa vil nå ulike vippepunkter – kor mykje det hastar og kva som er dei langsiktige konsekvensane.

– Tidsforståinga er sentral. Det er eit misforhold mellom kortsiktige vedtak og langsiktige konsekvensar her som vi i demokratiet må forstå. Derfor vil vi også sjå på alternative måter å tenke demokratisk styring på. Som nedvekst og sivil ulydigheit, seier Mjaaland.

– Kvifor meiner du at vi treng denne forskinga?

– Eg tenkjer at dette er ei av dei store krisene som samfunnet vårt står overfor, nasjonalt og internasjonalt. Men for å ta Noreg – det er eit paradoks at landet anerkjennast som eit av dei mest demokratiske i verda, men er så dårleg til å handtere miljøutfordringar. Det er eit openbart misforhold mellom den demokratiske retorikken og det økologiske fotavtrykket, med oljeproduksjon og no heilt nyleg også gruvedrift på havbotnen.

Av Hanna Huglen Revheim
Publisert 7. des. 2023 15:23 - Sist endret 5. jan. 2024 10:11