Nytt fag: Kva kan litteraturen fortelje oss om demokratiet?

I det nye, tverrfaglege emnet Litteratur og demokrati skal studentar få utforske brytningspunktet mellom politikk, samfunn og litteratur.

Illustrasjonsfoto: NOR2315 – Litteratur og demokrati.

– Vi løftar fram verk som viser aspekt ved korleis demokratiet fungerer eller ikkje fungerer. Det kan handle om både flyktningkriser, metoo og lengselen etter fellesskap, seier litteraturforskarane Tonje Vold og Mads Breckan Claudi.

Saman med sosiolog Grete Brochmann og statsvitar og psykolog Tor Gaute Syrstad har Vold og Claudi starta det nye, tverrfaglege demokratiemnet: NOR2315 – Litteratur og demokrati. Dei er alle medlemmar av forskargruppa Demokratiets tekstkulturer ved UiO:Demokrat

 

Ofte oversett kopling

Ifølgje dei ansvarlege for emnet er kunst og litteratur vesentleg for korleis vi tenkjer om og i demokrati, både i fortid og samtid.

– Dette blir ofte oversett i den breiare samfunnsdebatten om politikk, medan det på litteraturfeltet ofte blir ein påstand på festtalenivå. I dette emnet vil vi legge både litteraturens rolle i demokratiet og demokratiets rolle i litteraturen under lupa. Litteraturen blir sett i fokus, men vi ser på den frå ulike teoretiske perspektiv og med ulike fagbriller, seier Vold og Claudi.

Litteraturlista er sett saman for å kunne undersøke både nasjonalkjensle og utanforskap gjennom prosa og lyrikk. Spennet i pensum strekker seg frå Holbergs «Den politiske kannestøper» til saksbehandling i Zeshan Shakars «Gul bok» og klassespørsmål i Maria Navarro Skarangers «Emily Forever».

Demokrati under press

I verda er demokratiet på vikande front, i 2023 er det fleire menneske som lever i diktatur enn i demokrati. Det globale demokratinivået er tilbake til same nivå som det var i 1986. Denne utviklinga bekymrar forskarane.

– Kvifor trengs dette emnet?

– Demokratiet er under press. Spørsmål om politikk og demokrati blir ofte forstått som noko som tilhøyrar samfunnsvitskapen, kanskje særleg statsvitskapen. Men som humanistar og litteraturvitarar veit vi at litteraturen tilbyr eit rom for refleksjon rundt politiske spørsmål, og ein arena for motstemmer og alternativ. Litteraturen kan også gi innsikt i korleis spørsmål om tilhøyrsle, representasjon og deltaking er og har blitt vurdert og forstått.

Relevant for fleire

Emnet er oppretta med såkornmiddel til utdanning frå UiO:Demokrati. Målet er å lage eit emne som appellerer både til HF- og SV-studentar. Tematikken er også aktuell for alle som skal undervise i skulen, då «demokrati og medborgarskap» er eit av dei tverrgåande emna i læreplanen.

– Vi deler interessa for korleis litteratur artikulerer seg om verda, og er nysgjerrige på andre fagfelt. Ambisjonen er at emnet blir eit møtepunkt mellom ulike fagtradisjonar og perspektiv der vi alle – både forelesarar og studentar - kan lære av kvarandre.

Frå nyttår opnar faget for påmelding for alle studentar.

– Vi håper å sjå ein stor, nysgjerrig og engasjert gjeng når vi startar opp i januar!

 

 

Av Hanna Huglen Revheim
Publisert 18. des. 2023 19:53 - Sist endret 18. des. 2023 19:53