Podkast: Er kunstig intelligens ein trugsel mot eller redninga for demokratiet?

Med kunstig intelligens (KI) står verda framfor eit stort teknologisk skifte. Korleis kan KI påverke demokratia i tida framover? Og kva rolle spelar KI i den nye sikkerheitspolitiske situasjonen?

Illustrasjon viser en mann og en robot som sitter og jobber med pc-er på et delt kontorbord

Illustrasjonsfoto: colourbox.com

– Ein kan sjå på KI som ein spade. Den kan brukast til å grave med, men også til å drepe med. Vi må ikkje komme dit at vi alltid tenkjer på spaden som eit drapsvåpen, for den er først og fremst eit gravereiskap, sa Noregs første digitaliseringsminister Nikolai Astrup under arrangementet Demokratifrukost, tidlegare i haust.

Demokratifrukost er ei rekke kunnskapsbaserte samtalar der målet er å diskutere aktuelle demokratispørsmål, med utgangspunkt i forskinga. Her kan du lese meir om serien.

Då den tidlegare digitaliseringsministeren deltok på Demokratifrokost i november, diskuterte dei mellom anna kven som drar nytte av den teknologiske utviklinga, og korleis demokratiet skal klare å halde tritt.

I panela deltok også forskarane Bente Kalsnes, Cathrine Thorleifsson, Jacop Nyrup og Lars Gjesvik. Samtalen blei leia av Jette Christensen, og du kan lytte til arrangementet som podkast her.

Ny sikkerheitspolitikk

Gjesvik poengtera at KI vil få mykje å seie for geopolitikken i åra som kjem, der teknologien både har skade- og nyttepotensial

– I eit sikkerheitspolitisk perspektiv, kva er dei største utfordringane når det kjem til denne teknologien?

– Om eg skal trekke fram éin ting, så er det dette skjeringspunktet mellom geopolitikk og sikkerheitspolitikk. Du kan samanlikne sikkerheitspolitikken med gorillaen i rommet. Har den først starta med å herje rundt og knuse ting, så er den vanskeleg å stoppe. Dette vil kunne bidra til å dytte andre perspektiv og omsyn vekk, seier Gjelsvik.

Kanskje er det derfor, spør Christensen, at KI ofte blir omtalt som autokratane sitt verktøy?

Effektiv reiskap

Ifølgje Nyrup stemmer det at autokratar brukar KI for å styre befolkninga si i aukande grad. Han viser til Iran, og korleis myndigheitene i landet brukar vald eller trugsel om vald for å handtere protestar.

– Men vald er eit kostbart verktøy. Ein må mellom anna skape eit apparat der folk er tilsette for å vere valdelege. Med KI er det mogeleg å effektivisere bruken av vald, slik at den rammar meir nøyaktig – til dømes gjennom meir effektiv overvaking. Slik kan KI gjere diktatur robuste over tid.

– Er verda og lovane våre klare for krigføring der KI blir brukt som våpen?

– Autonome våpen er ein dårleg ide på generell basis. Det er også viktig å hugse at kva etikk og moral ein har når ein går inn i ein krig kan sjå annleis ut fem eller seks år inn i konflikten. Dette må vi passe oss for. Det gjer meg litt nervøs med tanke på dei internasjonale spenningane vi alt har, og retninga til internasjonal politikk, seier Gjesvik.

Ifølgje Thorleifsson ligg det i propagandaens natur å styre informasjonsflyt og verdsbiletet. Autoritære regime har alltid vore frampå når det gjeld å utnytte ny teknologi, frå bruk av flygeblad og radio, til deep fake-teknologi og desinformasjon.

Samtidig er ikkje autokratane aleine om å ta i bruk teknologisk nyvinning. Ifølgje Kalsnes er det også fleire andre industriar som ofte er tidleg ute.

– Den amerikanske forsvarsindustrien tek som regel i bruk ny teknologi, og akademia. Men vi ser også at pornobransjen ofte er tidleg ute med det same. Så det er ikkje alltid slik at det berre er dei autoritære som er først ute. Sosiale medium blei i starten mest brukt av liberale krefter, men dette har også endra seg. Biletet er ikkje eintydig, seier Kalsnes.

Vil snakke om moglegheitene

Astrup trur at ein av forklaringane på at det er mange med lumske hensikter som ligg langt framme i den teknologiske utviklinga, handlar om at dei ikkje handlar innanfor dei same rammene som lovverka i demokratiske samfunn. Han minner om at det norske lovverket også gjeld i den digitale verda. Altså er det ikkje fritt fram i den digitale verda.

– Eg meiner det er viktig at vi skil mellom ulike teknologiar. Ein kan gjere mykje gale digitalt, utan å bruke kunstig intelligens. Eg er redd for at vi bruker for mykje tid på å diskutere utfordringane, og for lite tid på å snakke om moglegheitene.

Astrup, som var digitaliseringsminister under Solberg-regjeringa frå 2019-2020, meiner det ligg fantastiske moglegheiter i KI-teknologien.

– Kanskje blir det eit naudsynt verktøy for å fornya dei vestlege demokratia. La oss innsjå det; Vesten er konk. Frankrike har ikkje hatt eit statsbudsjett som er gått i pluss sidan 1974 og USA har eit statsgjeld på 330.000 milliardar kroner. Dette kan ikkje halde fram i æva, seier Astrup og legg til:

– Kanskje kan KI gje innovasjonskraft til å fornye Vesten og sørge for at vi får ei lønsutvikling for middelklassen som gjer at demokratiet ikkje går opp i liminga – slik vi ser tendensar til i USA. Det er underliggande årsaker til at folk er lydhøyre for ekstreme synspunkt, og det må samfunna våre problematisere.

Av Hanna Huglen Revheim
Publisert 8. des. 2023 13:34 - Sist endret 8. des. 2023 13:34