UiO:Demokrati deler ut 22 millionar kroner

For første gang har den tverrfaglege satsinga UiO:Demokrati delt ut midlar til forsking. Dermed er fire forskargrupper med frå start i 2023.

Bildet kan inneholde: materiell egenskap, font, merke.

Illustrasjonsfoto: colourbox.com.

Tore Rem, direktør for UiO:Demokrati. Foto: UiO.

– Den nye satsinga UiO:Demokrati blei vedtatt av Universitetsstyret i juni 2021. No er det godt endeleg å komme i gang med aktivitet, seier Tore Rem, satsingas direktør.

Eit nytt år står på trappene, og med det også ei ny tverrfagleg satsing ved Universitetet i Oslo. Frå januar 2023 har fire forskargrupper fått støtte frå UiO:Demokrati, på til saman 22 millionar kroner.

– Det var beinhard konkurranse om midlane i denne første utlysinga, og ressursane er begrensa, uttalar Rem.

– Vi skulle gjerne ha kunna dele ut til fleire, men eg synast det er blitt ei fin tematisk spreiing i denne første tildelingsrunden.

Prosjekta som har fått støtte fortel at dei er glade for tildelinga.

–  Me er veldig glade for tildelinga og ser fram til eit samarbeid mellom historikarar og statsvitarar, seier professor Carl Henrik Knutsen til Uniforum. Les meir her.

 

Vil du vite meit om UiO:Demokrati? Meld deg på nyheitsbrevet vårt her.

Vitskapen og demokratiet

Forskargruppa «Science and Democracy» skal forske på forhaldet mellom vitskapen og demokratiet, i ein moderne kontekst. Dei reiser mellom anna spørsmål om kva for posisjon vitskapen har i velfungerande demokrati, kva rolle verdiar speler i forsking, om usemje i forsking og om forsking i krisetider.

I denne forskargruppa er det deltakarar frå Humanistisk fakultet, Samfunnsvitskapleg fakultet og Juridisk fakultet. Gruppeleiar er professor Cathrine Holst.

Demokratiets stemme

Forskargruppa «Voicing Democracy» skal forske på korleis demokratiet manifesterer seg i tekst og i tekstkulturar. Her er det snakk om tekst i vid forstand, frå fiksjonen til lovtekstar og byråkrati. Prosjektet har ein historisk dimensjon, frå 1750 og fram til notida.

Medlemmane i denne forskargruppa kjem frå Humanistisk fakultet, Juridisk fakultet og Samfunnsvitskapleg fakultet. Gruppeleiar er førsteamanuensis Eirik Vatnøy.

Demokratiske rettar og abortdebattar

Forskargruppa «The Medicalisation of Democratic Rights in the Debate about Abortion (MEDRA): The US, Ireland and Argentina» skal ta for seg spenningane mellom kunnskapsproduksjon og demokratisk styresett. Gruppa vil sjå nærare på pågåande debattar om å innskrenke eller utvide retten til abort, med fokus på Irland, USA og Argentina. Forskargruppa tar sikte på å undersøke korleis medisinsk kunnskap blir brukt av statar for å få kontroll over folk og avgrense innbyggarar sin fridom – men også korleis ulike grasrotorganisasjonar brukar den same medisinske vitskapen til svært ulike formål.

I denne forskargruppa kjem medlemmane frå Medisinsk fakultet, Samfunnsvitskapleg fakultet og Humanistisk fakultet. Gruppeleiar er professor Eivind Engebretsen.

Innvendingar mot demokratiet

Kva innvendingar er blitt retta mot demokratiet, både gjennom historia og no i dag? Det er spørsmåla som forskargruppa «Objections to Democracy» vil ta for seg. Gjennom dette vil dei rette søkjelyset på kor bra (eller dårleg) det demokratiske systemet er rigga for å handtere kriser, fatte raske avgjerder, i tillegg til å skape ei nasjonal semje.

Forskargruppa består av medlemmar frå Samfunnsvitskapleg fakultet og Humanistisk fakultet. Gruppeleiarar er professor Tore Wig.

 

I ein tidlegare versjon av denne saka var professor Øystein Linnebo omtalt som gruppeleiar for «Science and Democracy». Det er no endra, som følgje av endringar i forskargruppa.

Av Hanna Huglen Revheim
Publisert 23. des. 2022 10:23 - Sist endret 2. jan. 2023 14:41