Universitetet i Oslo lanserte si største demokratisatsing

Det var fullt hus under lanseringa av UiO:Demokrati. Direktør for satsinga, Tore Rem, inviterte til demokratidugnad.

En mann står på scenen og snakker til fullsatt sal.

Tore Rem under lanseringa av den tverrfaglege satsinga UiO:Demokrati.

Foto: Jarli & Jordan / UiO

– Dette er ein gledens dag, slo rektor Svein Stølen fast, då han stod på scena under lanseringa av UiO:Demokrati.

UiO:Demokrati er den største, tverrfaglege satsinga på demokrati som er starta ved Universitetet i Oslo. Målet er å legge til rette for demokratidugnad, der kunnskap løftast og tas i bruk.

– I vår komplekse og skiftande verd er det viktigare enn nokon gong å ha ei djup forståing for kva demokrati betyr, korleis vi kan styrke det og forstå det, sa Stølen.

Her kan du lytte til podkast frå lanseringa av UiO:Demokrati:

Også leiar for Studentparlamentet, Oline Sæther, ønska den nye satsinga velkommen.

– Tidlegare har eg kanskje tatt det litt for gitt at vi har demokratiet vårt og eit fritt, uavhengig universitet. Men no ser vi rundt oss at dette ikkje lenger er noko vi kan eller bør ta for gitt, sa Sæther.

Direktør for UiO:Demokrati, Tore Rem, la vekt på at demokratiet også har sine utfordringar – og at dei best kan løysast i fellesskap.

– Diskusjonen om demokratiet er blant vår tids viktigaste, og vi treng meir kunnskap. For å møte dei store problema som verda står overfor treng vi samarbeid, sa Rem.

Svein Stølen på scenen
Rektor Svein Stølen haldt tale under lanseringa. Foto: Jarli & Jordan / UiO.

Fire forskargrupper

Dei fire første forskargruppene som har fått tildelingar frå UiO:Demokrati presenterte sine prosjekt. Professor i filosofi, Øystein Linnebo representerte forskargruppa Vitenskap og demokrati.

– I demokratiet vårt har vi ei vurdering om at alle teller likt. Men kunnskapen vår teller ikkje likt. Ekspertenes kunnskap teller ikkje likt som dei ufaglærte. Dette skapar spenningar mellom populismen og ekspertisen, og denne spenninga er noko av det vi vil utforske, sa Linnebo.

Forskargruppa Demokratiets tekstkulturer blei presentert av retorikkforskar Hilde Reinertsen.

– Måten vi les, skriv og samhandlar på er i endring på grunn av digitalisering og globalisering. I denne forskargruppa skal vi undersøke korleis demokratiets tekstkulturar endrar seg. Korleis blir makt og medborgarskap utøva og utfordra, som følgje av dette, sa Reinertsen.

Publikum i full sal.
Publikum i Domus Bibliotheca. Foto: Jarli & Jordan / UiO.

Professor i tverrfagleg helsevitskap Eivind Engebretsen representerte forskargruppa Medisinsk kunnskap og demokratiske rettigheter i debatten om abort (MEDRA).

– Vi vil utfordre førestillinga om at det finst ein kunnskapsbase som ligg fast, som demokratiske prosessar kan lene seg på. Nettopp fordi medisinsk kunnskap blir forstått som ein objektv base, blir den nytta til å heimle lovar eller rettferdiggjere forskjellige og motstridande synspunkt, sa Engebretsen.

Professor i statsvitskap Tore Wig presenterte forskargruppa Innvendinger mot demokratiet.

– Er klimakrisa av en sånn art at demokratiet ikkje kan løyse den? Det er forska forbløffande lite på innvendingane som finst mot demokratiet. Vi vil undersøke kva som kjenneteiknar slike innvendingar, før og no, sa Wig.

 

* Her kan du lese meir om forskargruppene ved UiO:Demokrati.

Poesi frå fribyforfattar

I tillegg framførte poetane Fatemeh Ekthesari og Johanne Fronth-Nygren poesi frå boka Hun er ikke kvinne, skriven av Ekthesari.

Fribyforfattaren er poet, redaktør, menneskerettsaktivist og jordmor frå Iran, og kom til Lillehammer som fribyforfattar i 2017. Då hadde ho flykta frå Iran etter å ha blitt dømt til nittini piskeslag og over elleve år i fengsel.

Ekhtesari har motteke fleire prisar og utmerkingar for sitt forfattarskap.

To kvinner snakker fra scenen
Poetane Fatemeh Ekhtesari og Johanne Fronth-Nygren på scena. Foto: Jarli & Jordan / UiO.

Engasjert samtale om demokratiet

Kvelden blei runda av med ein engasjert og kunnskapsrik diskusjon om demokratiets tilstand, leia av journalist Ole Torp.

I panelet var leiar for Riksvalgsstyret og tidlegare stortingsrepresentant Jette Christensen, leiar for Natur og Ungdom Gina Gylver, leiar for Pressens Hus Guro Istad og professor i statsvitskap Carl Henrik Knutsen.

Tema som blei diskutert strakk seg over eit vidt spenn – frå tillit og fake news, klimakrisa og krigen i Ukraina, til akademia og aksjonismens rolle. Og om risikoen som heng ved, om ein tenkjer på demokratiet som noko konstant eller sjølvsagt.

– Vi må bygga eit demokratisk totalforsvar, og det er UiO:Demokrati eit bidrag til, sa Christensen.

Ho haldt fram:

– Vi må gi kvarandre moglegheit til å diskutere demokratiet og gjere politikken tilgjengeleg. Og så må samtalen vere så god at vi kan kjenne igjen ein antidemokrat eller ein autokrat når vi møter dei.

Panelsamtale på scenen. Tre kvinner og to menn snakker sammen.
Panelsamtale med Jette Christensen, Guro Istad, Carl Henrik Knutsen og Gina Gylver. Leia av Ole Torp. Foto: Jarli & Jordan / UiO.

 

Av Hanna Huglen Revheim
Publisert 17. mars 2023 14:00 - Sist endret 5. jan. 2024 10:12