Kom med tilbakemeldingar på kontormøblar i det planlagde livsvitskapsbygget

Kva møbelløysing skal ein ha for kontorarbeidsplassane i det planlagde livsvitskapsbygget ved UiO? Det kan tilsette ved UiO no seie si meining om.

Statsbygg og Eigedomsavdelinga ved UiO har sett opp eit lite kontorlandskap i ZEB-bygninga på Blindern. Oppsettet viser fire ulike variantar (A–D) av arbeidsbord, skjerming, oppbevaring og avstandar for arbeidsplassar både for tilsette og masterstudentar i det planlagde livsvitskapsbygget ved UiO.

Illustrasjon for ulike kontorløysingar

Fram til sommaren 2017 kan dei som prøver oppsetta, kan gi sine tilbakemeldingar via eit nettskjema. Tilbakemeldingane blir tekne med når brukarorganisasjonen skal diskutere endeleg løysing i detaljprosjektet for bygget saman med Ratio arkitekter as og Statsbygg.

Interiørarkitekt Linge Grindheim frå Ratio arkitekter as har gitt ulike grupper omvising i kontorlandskapet dei siste vekene. Her er UiO:Livsvitenskap på omvising saman med prosjektleiar i Eigedomsavdelinga Geir Solheim til venstre. Administrativ leiar i UiO:Livsvitenskap, Morten Egeberg, testar ei av kontorløysingane. Det blir òg omvisingar 12. januar kl. 13–14 og 20. januar kl. 14–15. Einingane som skal inn i bygget, Kjemisk institutt, Farmasøytisk institutt og Norsk senter for molekylærmedisin (NCMM)/Bioteknologisenteret, blir inviterte spesielt (Foto: Norunn K . Torheim).
Av Norunn K. Torheim
Publisert 19. des. 2016 17:55 - Sist endret 6. nov. 2019 15:44