English version of this page

UiO-forskarar angrip antibiotikaresistente bakteriar frå fleire vinklar

Universitetet i Oslo har ei rekke prosjekt innan livsvitskap som har same mål: å handtere det aukande problemet med antibiotikaresistens som Verdas helseorganisasjon (WHO) meiner er ein av verdas største helsetruslar. Tverrfagleg samarbeid må til for å løyse denne store globale samfunnsutfordringa.

Fernanda Cristina Petersen i laboratoriet.

Professorane Fernanda Cristina Petersen (bilete) og Anne Aamdal Scheie ved Det odontologiske fakultet driv prosjektet CrossTalk. Dei undersøker korleis bakteriar i biofilmar på tenner og slimhinner kommuniserer med kvarandre og med vertscellene. Målet er å utvikle stoff som skal øydelegge kommunikasjonen og slik ta knekken på bakteriane. Foto: Per Gran, Det odontologiske fakultet/UiO.

Bakteriar som blir motstandsdyktige – resistente – mot antibiotika som vi brukar for å behandle infeksjonar, er eit aukande problem som trugar folkehelsa.

– Antibiotika har kurert dødelege infeksjonar i 70 år. No ser vi at bakteriane slår tilbake og har utvikla resistens mot «mirakelmedisinen». Vi risikerer at antibiotikaresistens blir ein global trussel mot folkehelsa. Konsekvensane for menneske blir store dersom antibiotika ikkje lenger har effekt. Resistente bakteriar kan føre til auka dødelegheit, meir sjukdom, lenger liggetid på sjukehus og sjølvsagt auka helsekostnader, seier Hilde Nebb.

Tverrfagleg samarbeid må til

Hilde Nebb

Nebb er nestleiar i styret for Universitetet i Oslo si største satsing nokon sinne – UiO:Livsvitenskap – der tverrfagleg samarbeid står sentralt. Så korleis kan tverrfagleg samarbeid innanfor ei slik satsing bidra til å løyse ei stor global samfunnsutfordring som antibiotikaresistens?

– Sjølv om problema med antibiotikaresistens er store, kan dei løysast med auka tverrfagleg samarbeid mellom grunnforskarar, klinikarar og næringsliv. Framsteg innan genetikk, genomikk og informatikk vil endre måten infeksjonar og sjukdomar blir diagnostiserte på og gjere det mogleg å slå sjukdomane raskare tilbake når bakteriar utviklar resistens mot antibiotika, meiner Nebb.

– Desse teknologiske framstega vil heilt klart òg gi raskare diagnostiske verktøy som vil betre måten vi brukar antibiotika på i framtida. Eg er sikker på at dei eksellente forskingsmiljøa våre innan livsvitskapsområdet ved UiO vil vere svært viktige bidragsytarar i dette arbeidet.

Kva er antibiotika

Antibiotika blir brukt til å behandle bakterieinfeksjonar hos dyr og menneske. Antibiotika er stoff som drep bakteriar utan å gjere skade på dyr og menneske. Antibiotika verkar ikkje på virus. Bakteriar har ulike måtar å bli motstandsdyktige – resistente – mot antibiotika.

Artikkelserie

Universitetet i Oslo har ei rekke prosjekt innan livsvitskap som har som mål å handtere det aukande problemet med antibiotikaresistens. Dette er den siste av tre artiklar frå UiO:Livsvitenskap om temaet.

Les første artikkel: Treng større grad av digital styring for å få kontroll på antibiotikabruk.

Les andre artikkel: Lovande resultat med nytt stoff mot antibiotikaresistente bakteriar.

Seminar

Sjå opptak av livsvitenskap i lunsjen 20.11: Antibiotikaresistens – hvor står vi nå?

Mange forskargrupper på saka

Dag Berild

UiO har ei rekke forskarar innan livsvitskap som arbeider med antibiotikaresistens. Nokre jobbar med å få til meir fornuftig bruk av antibiotika I sjukehus og meir fornuftig forskriving på legekontora. Dette for å redusere unødig bruk av antibiotika sidan auka bruk av antibiotika aukar risikoen for at bakteriar blir antibiotikaresistente.

Sjå fleire eksempel på forskarar som har denne tilnærminga under.

Pål Rongved

Andre jobbar med å forstå grunnleggande mekanismar i bakteriane, både korleis dei utviklar seg generelt og korleis dei blir resistente mot antibiotika. Nokre undersøker bakteriar i såkalla biofilmar som eit slags slimlag der bakteriane er meir beskytta mot antibiotika og immunsystemet vårt. Andre igjen prøver å finne nye legemiddel.

Sjå fleire eksempel på forskarar som har denne tilnærminga under.

Her ser du et utval av forskarar innan livsvitskap ved UiO som arbeider med antibiotikaresistens:

Forsking som skal bidra til meir fornuftig bruk av antibiotika

Forsking på grunnleggande mekansimar hos bakteriar og jakt på ny antibiotika

Av Norunn K. Torheim
Publisert 12. okt. 2015 10:23 - Sist endra 17. mars 2021 11:35