17

I september bidrog vi til at studentane ved UiO som deltek i den internasjonale konkurransen i syntetisk biologi – iGEM – fekk trykt opp teikneserien «Eventyr om syntetisk biologi».

Med teikneserien ville årets iGEM-lag gi fleire innblikk i kva syntetisk biologi dreier seg om og få med studentar frå ulike fagdisiplinar ved UiO.

Les meir om teikneserien.

Då studentane deltok i iGEM-konkurransen i slutten av oktober, fekk dei gull for arbeidet sitt. Dei har kombinert tradisjonell molekylærbiologi med app-design, 3D-printing og innovativ tenking for å påvise antibiotikaresistente bakteriar på ein enkel måte som kan hindre overforbruk av antibiotika og spreiing av antibiotikaresistens. 

Les meir om arbeidet deira.

Kildefil

17_igem_tegneserie_740.jpg (740 x 492 px)  –  79,9 kB

Bruk av bildet

Opphavsrett på UiOs nettsider