Bilder

  • 16. mai 2022

    Fredag 29. april besøkte ETH Zürich si masterklasse for internasjonale teknologileiarar Forskingsparken etter ei heil veke i Noreg med besøk til blant anna Wilhelmsen, Yara og DNV. ETH Zürich er eit høgt rangert teknisk universitet. Masterklassa Master’s of Advanced Studies in Management, Technology, and Economics er eit toårig vidareutdanningsprogram for teknologileiarar. Så kvifor valde dei å kome til Noreg og Oslo for utanlandsturen siste semester? 
     
    – Vi var ute etter eit land med ein økonomi som er basert på innovasjon og berekraft. Vi såg at Noreg har mange avanserte teknologifirma i sektorar frå mekanikk og elektroingeniørfag, jordbruk til helseteknologi samen med eit høgt utvikla utdanningssystem. I tillegg ser vi at offentleg og privat sektor i Noreg bevegar seg raskt med omsyn til digitalisering og ville sjå med eigne auge korleis dette skjer, og òg få innsikt i korleis Noreg har brukt naturressursar for å utvikle heile landet til gode for innbyggarane, seier Morgan Reino Altman, Daniela Stocker og Bastian Bergman som har ansvar for programmet og Noregs-turen. 

  • 16. mai 2022

    I Forskingsparken deltok ETH-studentane på eit seminar med innovasjonsøkosystemet for livsvitskap. De møtte Christine Wergeland Sørbye, leiar av Oslo Science City; Bjørn Erik Reinseth, leiar av Forskingsparken; ...

  • 16. mai 2022

    ... Lena Nymo Helli, leiar av Norway Health Tech her saman med ETH-alumni Hans Troye; og Nicolay Bérard-Andersen frå Veksthuset for livsvitskap ved Universitetet i Oslo som alle ga innblikk i korleis dei legg til rette for samarbeid, samspel, innovasjon og verdiskaping. 

  • 16. mai 2022

    I tillegg fekk dei korte presentasjonar frå ei rekkje medisinsk-tekniske firma som er medlemmar av Norway Health Tech. Her representert ved Diffia.

  • 16. mai 2022

    Takk til masterklassa frå ETH Zürich for besøket! Nicolay Bérard-Andersen, som er innovasjonsrådgivar i Veksthuset for livsvitskap ved Universitetet i Oslo, er ETH-alumni og var ein av vertane for besøket i Oslo. Han ser for seg mogleg samarbeid med ETH i tida framover for å lære meir frå både dei og sveitsisk bioteknologiindustri. Sveits har fostra store farmasøytiske selskap som Roche og Novartis som er noko av det Noreg manglar i sitt innovasjonsøkosystem. Her kan vi lære og la oss inspirere utan å kopiere.

  • 16. mai 2022

    Onsdag 4. mai var det igjen klart for internasjonalt besøk då Veksthuset for livsvitskap var vertskap for ei innovasjonsomvising i Forskingsparken i samband med EARMA-konferansen for forskingsrådgivarar frå heile Europa. Til dagleg jobbar dei mellom anna med å hjelpe forskarar med å søke støtte frå EU og nasjonale forskingsråd. På omvisinga ga leiar av Forskingsparken, Bjørn Erik Reinseth, dei innblikk i korleis Forskingsparken, som ligg i hjartet av Noregs første innovasjonsdistrikt Oslo Science City, legg til rette for samspel og samarbeid. På tre stasjonar i parken fekk dei korte presentasjonar og kunne stille spørsmål.  

  • 16. mai 2022

    Hos Nykode møtte dei seniordirektør for spesialprosjekt Caspar Foghsgaard, teknologidirektør Mette Husbyn, HR-ansvarleg Elise Ramse og kontorsjef Kathrine Skogen. Nykode, tidlegare Vaccibody, er eit norsketablert bioteknologiselskap som utviklar blant anna kreftvaksinar og vaksinar mot infeksjonssjukdomar slik som COVID. Firmaet er i sterk vekst med behov for å rekruttere personar med erfaring og kompetanse og dei besøkande kan vere bindeledd mot relevante søkjarar.  

  • 16. mai 2022

    Dei unge entreprenørane Simone Mester og Torleif Tollefsrud Gjølberg ga gjestane innblikk i innovasjonsøkosystemet ved å fortelje korleis dei både som studentar og stipendiatar har vore opptekne av innovasjon og brukt dei moglegheitene Universitetet i Oslo og innovasjonsøkosystemet rundt har bydd på. Dei har delteke på den internasjonale studentkonkurransen i syntetisk biologi iGEM, Helseinnovatørskulen og innovasjonsprogrammet SPARK Norway. 

  • 16. mai 2022

    No held Simone Mester og Torleif Tollefsrud Gjølberg til i ShareLab der Marius Øgaard som òg var med på omvisinga, er ein av partnarane. Sharelab er eit delingslaboratorium og ein utskytingsrampe for akademikarar og nye bedrifter der entreprenørar kan teste idear. ShareLab er ein av tre inkubatorar i Forskingsparken.

  • 16. mai 2022

    Ivar Bergland, som er innovasjonsrådgivar i Veksthuset for livsvitskap, fortalde om bakgrunnen for å etablere Veksthuset for livsvitskap som er behovet for å styrke innovasjonskulturen ved Universitetet i Oslo for å ta ut meir av innovasjonspotensialet blant forskarar og studentar slik at meir kunnskap frå forskinga blir teken i bruk. Han viste korleis Veksthuset utviklar innovasjonstenester og møteplassar og hjelper forskarar og studentar i ulike delar av innovasjonsprosessen. Les meir om innovasjonstenestene til Veksthuset.

  • 29. aug. 2022
  • 29. aug. 2022
  • 30. aug. 2022
  • 12. apr. 2023
  • 22. feb. 2022
  • 25. apr. 2022
  • 12. apr. 2023