English version of this page

Nyheitsbrev januar 2023

Vi har fått nytt namn: Veksthuset for verdiskaping

I 2022 vart Veksthuset for livsvitskap etablert som Universitetet i Oslo si innovasjonseining for livsvitskap, helse og teknologi. I 2023 har vi skifta namn til Veksthuset for verdiskaping for å synleggjere at vi dekker alle institutt og senter ved både Det medisinske fakultet og Det matematisk-naturvitskaplege fakultet. 

På engelsk har vi endra namn frå Life Science Growth House til UiO Growth House.

Vi er no samlokaliserte i Forskingsparken med andre strategiske spydspissar ved UiO

Leiarane for einingane

Veksthuset for verdiskaping, dScience – Senter for data- og beregningsvitenskap, UiO:Livsvitenskap og UiO:Energi og miljø er no samlokaliserte i Forskingsparken i Oslo. – Med dette kan einingane samarbeide tettare og trekke på kompetansen til kvarandre samt ta ut synergiar i kvarandre. Slik blir det mogleg for UiO å utvikle dei strategiske initiativa sine og styrke innovasjonstenkinga, seier UiO sin viserektor for forsking og innovasjon Per Morten Sandset.

På bildet: Leiarane av dei fire einingane: Morten Dæhlen, Vebjørn Bakken, Hilde Nebb og Carl Henrik Gørbitz. Alle har tru på at samlokaliseringa skal gje forskarar og studentar ved UiO betre tenester innan innovasjon, styrke tverrfagleg forsking og utdanning ved UiO og bidra til å gjere det enklare for eksterne aktørar å samarbeide med universitetet.

Påminning Helseinnovatørskulen: Søk om opptak til kurs 1

Korleis kommersialisere forsking og idear? Korleis kan innovasjon kome til nytte i kliniske samanhengar? Kurs våren 2023 i helseinnovasjon og entreprenørskap for PhD-studentar og postdoktorar samt unge førsteamanuensar, universitetslektorar, klinikarar og forskarar. Helseinnovatørskulen dekker alle kostnadar. Samlingar i Trondheim, København og Stockholm.

Les meir, og søk om opptak innan 3. februar.

Påminning internship for studentar: Bedrifter kan registrere seg

Studentar

Bedrifter som ønskjer å tilby sommarjobb gjennom internship-programmet som er støtta av Veksthuset for verdiskaping, kan registrere seg. Bedrifter kan sjølv finansiere så mange stillingar dei ønskjer. Veksthuset dekker 50 prosent av lønna av 20 stillingar i små- og mellomstore bedrifter. Du søkjer om lønnsstøtte når du registrerer bedrifta di. Her er det førstemann til mølla! Matchmakingsarrangement for bedrifter og studentar 8. februar kl. 17–20.

Les meir, og registrer bedrifta di.

Påminning: Meld deg på Livsvitskapskonferansen

banner livsvitskapskonferansen

Norway Life Science – Noregs største møteplass for livsvitskap – samlar aktørane som skal utvikle ei verdsleiande helsenæring i Noreg. Veksthusets direktør Hilde Nebb er på programmet både 13. og 14. februar.

Les meir, og meld deg på 

To personer som diskuterer

Kontakt oss!

Vi byr på skreddarsydd rettleiing og støtte, inkludert såkornmidlar. Ta kontakt med oss dersom du vil diskutere korleis du kan gå vidare med innovasjonidéen din i tidleg fase.