English version of this page

Om oss

Veksthuset for verdiskaping er Universitetet i Oslo (UiO) si innovasjonseining for livsvitskap, helse og teknologi. Vi jobbar for å styrke innovasjonskulturen ved UiO. Vi hjelper forskarar og studentar med å modne idear i tidleg fase. Eininga er eit samarbeid mellom Det medisinske fakultet og Det matematisk-naturvitskaplege fakultet.

Namnet på eininga var Veksthuset for livsvitskap då den vart etablert i 2022. I 2023 endra vi namn til Veksthuset for verdiskaping for å synleggjere at vi dekker alle institutt og senter ved begge eigarfakultet.

Veksthuset for verdiskaping på 88 sekund

Tekst i animasjonen (med gammalt namn)

  • Veksthuset for livsvitenskap
    Innovasjonsenhet for livsvitenskap
    Det medisinske fakultet og Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet
    Universitetet i Oslo
  • Vi skal bidra til idestimulering og en sterkere innovasjonskultur slik at mer kunnskap fra forskningen blir tatt i bruk og kommer samfunnet til nytte.
  • Vi er et lavterskeltilbud.
  • Vi hjelper til med å modne ideer i tidlig fase.
  • Vår dør er åpen for forskere og studenter, for ledere og ansatte som støtter innovative forskere og for eksterne samarbeidspartnere.
  • Veksthusets strategiske hovedområder: innovasjon, kultur, kommunikasjon, møteplasser, samarbeid og samspill og næringsliv og samfunn.
  • Våre innovasjonstjenester: skreddersydd veiledning, såkornmidler, kunnskap, Innovasjonsmøteplasser, kurs og seminar, internship for studenter og mentorprogram.
  • Vi inviterer til innovation hangouts der akademia og industri møtes og bygger nettverk.
  • Vi hjelper forskere og studenter med å komme i gang med innovasjonsprosessen i et dynamisk samspill med innovasjonsøkosystemet.
  • I innovasjonsøkosystemet vårt samspiller vi tett med enheter ved Universitetet i Oslo, sykehus, teknologioverføringskontor, næringsklynger, inkubatorer og næringsliv.
  • Har du en innovasjonsidé innen livsvitenskap? Eller lurer du på om du har en idé? Eller vil du samarbeide med oss?
  • Ta kontakt uio.no/veksthusetlivsvitenskap eller kom innom oss i Forskningsparken
  • Veksthuset for livsvitenskap
    Det medisinske fakultet og Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet
    Med støtte fra: UiO og UiO:Livsvitenskap

Vi jobbar for å fremme ein sterkare innovasjonskultur gjennom å gje leiarar, forskarar og studentar kunnskap og verktøy til å vidareutvikle innovasjonsidear.

Vi samarbeider med teknologioverføringskontoret Inven2, næringsklynger og inkubatorar for å dra veksel på kompetanse i heile innovasjonsøkosystemet vårt. Målet er at meir kunnskap frå forskinga ved UiO skal takast i bruk.

Innovasjonstenestene våre er tilgjengelege for forskarar og studentar ved heile UiO samt UiO-forskarar ved Oslo universitetssjukehus og Akershus universitetssjukehus. Vi er òg UiO sitt kontaktpunkt for næringsliv eller andre som ønskjer å samarbeide med UiO innan livsvitskap, helse og teknologi.

Forskarar og studentar kan

  • få skreddarsydd rettleiing, såkornmiddel og støtteverktøy for å modne innovasjonsideane dine i tidleg fase
  • delta på vår innovasjonsmøteplass mellom akademia, sjukehus og næringsliv og andre arrangement
  • lese meir om tenestene våre og kontakte oss for oppstartssamtale

Næringsklynger, inkubatorar og bedrifter kan

  • vere samarbeidspartnar eller bidra med tenester inn i innovasjonsprosjekt ved UiO
  • delta på vår innovasjonsmøteplass mellom akademia, sjukehus og næringsliv og andre arrangement
  • kontakte oss for samarbeid

Leiarar og tilsette i forskingsadministrative avdelingar kan

  • gje oss tilbakemelding på eigne behov for kompetanseheving innan innovasjon
  • delta på arrangementa og kursa våre
  • kontakte oss dersom du ønskjer at vi skal kome til eininga di og presentere tenestene våre

Visjon og strategiske hovudområde

Visjon

Vi skal utfordre kultur og tenking, drive fram fleire innovatørar og oppstartselskap og stimulere til at meir kunnskap blir teken i bruk.

Strategiske hovudområde med overordna mål

Innovasjon

Vi skal gje kunnskap og drive fram auka innovasjonsaktivitet blant studentar og forskarar.

Kultur

Vi skal fremme ein sterkare innovasjonskultur og styrke innovasjonsevna.

Samarbeid og samspel

Vi skal skape dialog og styrke tverrfagleg samarbeid internt og eksternt.

Næringsliv og samfunn

Vi skal opne dører og byggje bruer mellom kunnskapsmiljøa våre og
relevante samarbeidspartnarar.

Møteplassar

Vi skal utvikle og bruke møteplassar der kunnskap blir delt og blir teken i bruk.

 

Kommunikasjon går på tvers av alle hovudområda.

Organisering

Veksthuset for verdiskaping blir drive i eit likeverdig samarbeid mellom Det medisinske fakultet (MED) og Det matematisk-naturvitskaplege fakultet (MN) ved UiO.

MED er vertsfakultet, og leiar for eininga rapporterer til dekanen på MED. Fakultetsstyret og dekanen ved MED er øvste organ for eininga. 

Dekanen på MN leier det rådgjevande organet for leiar for eininga. Rådet har følgjande samansetjing:

  • viserektor for forsking og innovasjon, UiO – Per Morten Sandset
  • dekan MN (leiar av rådet) – Solveig Kristensen
  • dekan MED – Hanne Flinstad Harbo
  • fakultetsdirektør MN – Eva Mjelde
  • fakultetsdirektør MED – Hans Ragnar Mossin
  • avdelingsdirektør, avdeling for forsknings- og innovasjonsadministrasjon, UiO – Ingrid Sogner

Sjå heile reglementet for Veksthuset (pdf der det gamle namnet vårt Veksthuset for livsvitskap er brukt).

UiO og UiO:Livsvitskap gjev støtte til drift av innovasjonseininga.

Koststed

13251000 (innkjøp, økonomi og lønn m.m.)

Besøksadresse

Forskningsparken
Gaustadalléen 21
0349 Oslo

Postadresse

Forskningsparken
Gaustadalléen 21
Pb 69
0349 Oslo

Kontakt