Kva skjer med demokratiet?

Kva skal vi gjere for å halde demokratiet ved like? Og kva ansvar har universitet og forsking for demokratiet si tilstand? Bli med på lanseringa av UiO:Demokrati!

Rekke med mennesker som stemmer i en gymsal bak et blått forheng

Foto: Colourbox

Gå til strøyming av arrangementet

Krig, klima, folkehelse og energi – dei siste åra har det vore tett mellom krisene. Slik vert demokratiet stadig sett på prøver. Men demokratiet er også institusjonar, praksis, kvardag og kultur. Kva stilling har eigentleg demokratiet i ei stadig meir autokratisk verd?

Velkommen til lanseringa av UiO:Demokrati! Eit nytt tverrfagleg initiativ ved Universitetet i Oslo der vi rettar søkjelyset nettopp mot demokratiet, i eit breitt perspektiv.

På Domus Bibliotheca kan du få høyre om ei storsatsing innan demokratiforsking, lytte til poesi frå ein forfattar driven på flukt og la deg engasjere i panelsamtale om kor demokratiet er på veg.

Program

  • Lett servering frå klokka 17:00.
  • Frå klokka 17:30 - Presentasjon av UiO:Demokrati.
  • Opplesing ved ICORN-forfattar Fatemeh Ekhtesari og Johanne Fronth-Nygren frå boka «Hun er ikke kvinne». 
  • Samtale om demokratiets tilstand, leia av Ole Torp. I panelet sit leiar for Riksvalgstyret og tidlegare stortingsrepresentant Jette Christensen, forskar Carl Henrik Knutsen, dagleg leiar ved Pressens Hus, Guro Istad og miljøvernar Gina Gylver.

OPPDATERING: Shazia Majid måtte dessverre melde avbud. Guro Istad, dagleg leiar ved Pressens Hus deltek i panelet.

Praktisk informasjon

Arrangementet er gratis, men krev påmelding.

Gå til påmelding

Om du treng heis eller anna tilrettelegging ved besøk, kontakt oss på telefon 90131755.

Strøyming av arrangementet

Her kan du følgje Kva skjer med demokratiet? på nett.

Om Domus Bibliotheca

Domus Bibliotheca er Universitetet i Oslo sin nye dialog- og formidlingsarena. Her kan du delta i debattar og samtalar og lytte til foredrag. Domus Bibliotheca er den venstre fløybygninga på Universitetsplassen i Oslo sentrum.

Nysgjerrig på kva som skjer hos oss? Følg Universitetsplassen - UiO på Facebook for spanande oppdateringar.

Sjå fullt program for Domus Bibliotheca

Publisert 31. jan. 2023 11:11 - Sist endra 26. nov. 2023 12:41