Jonasprisen 2024 til filmskapar Ragnhild Nøst Bergem og Ola Henningsen

– Du er den personen du er, uavhengig av diagnosen din, seier Ragnhild Nøst Bergem i denne podkastepisoden.

Portrett av Ragnhild Nørst Bergem. Foto

Dokumentarfilmskapar Ragnhild Nøst Bergem er tildelt Jonasprisen 2024 for heile sitt filmvirke, medan Ola Henningsen får prisen for den hjartevarme dokumentaren om seg sjølv. Høyr dei to og professor Øistein Anmarkrud snakke om inkludering og fridomen til å vere seg sjølv i denne episoden av Universitetsplassen. Foto: Shane Colvin/UiO

– Vi er alle berre menneske, seier Ola Henningsen, hovudpersonen i filmen Ola – en helt vanlig uvanlig fyr, som i fjor vann Gullruten for beste dokumentarfilm.

No er han og Nøst Bergem dei 36. vinnarane av Jonasprisen, som årleg vert delt ut av Institutt for spesialpedagogikk ved Universitetet i Oslo. Dei to gler seg stort over å ha kome i same selskap som tidlegare vinnarar; Leo Ajkic, Kjersti Horn, Margreth Olin, Wenche Foss, Lars Monsen, Ingvar Ambjørnsen og NRK Super, for å nemne nokre få.

I filmen fortel Ola historia om sitt eige liv – ei forteljing som rører og engasjerer, utfordrar og foreinar. «Med sine opne, ærlege og kloke refleksjonar om seg sjølv og omverda», skriv juryen, «minner han oss på at vi alle er unike, men i grunnen også ganske like». 

Ola Henningsen framfor Munchs Solen. Foto
Ola Henningsen solar seg i filmstjerneglansen, men seier han er glad for at kvardagen og arbeidet i landsbyen Vidaråsen utanfor Tønsberg held han jorda. – Eg likar best å arbeide i skogen. Eg føler meg eigentleg heime der, på ein måte, seier han. Foto: Shane Colvin/UiO

Men korleis skaper vi eit inkluderande samfunn i skule- og arbeidsliv? Kva skal til for at endå fleire kjenner seg meir lik enn ulik «det store vi-et»?

I denne episoden av Universitetsplassen snakkar Ragnhild Nøst Bergem med professor Øistein Anmarkrud ved Universitetet i Oslo. Ola Henningsen er også intervjua.

I filmane sine gir Nøst Bergem oss nærbilete av ulike sårbare personar og grupper i samfunnet. Filmane Husker du meg? og Vær her portretterer personar med demens og tidleg demens, over tid. I Koronadagbøkene skildrar ho livet til helsepersonell tidleg i pandemien.

– Å vere med på å bryte fordommar er ei av målsettingane mine med det å lage dei filmane eg gjer. Eg vil vise at sjølv om du har ei diagnose, så er du ikkje diagnosen. Du er den personen du er, seier Nøst Bergem.

Skaper eit rausare samfunn

– Filmane hennar er viktige bidrag i det større spesialpedagogiske prosjektet med å skape eit rausare samfunn, seier Øistein Anmarkrud.

Sjølv arbeider han med å legge til rette for ein endå meir inkluderande skule, både som forskar på læringsvanskar og som visedirektør i SpedAims Senter for spesialpedagogisk forskning og inkludering.

Kva kan eigentleg spesialpedagogikken gjere for oss, Øistein?

– Litt forenkla kan vi seie at faget skal hjelpe oss å realisere dei moglegheitene som ligg i ei mangfaldig befolkning. Då må ein først forstå mangfaldet. Dernest handlar det om å identifisere læringsutfordringar, avhjelpe læringsutfordringar og å førebygge læringsutfordringar, seier han.

Ragnhild Nøst Bergem og Øisten Anmarkrud. Foto
Filmskapar Ragnhild Nøst Bergem og professor Øistein Anmarkrud er begge opptatte av å utvide ideen om kva som er «normalt». Foto: Shane Colvin/UiO

Anmarkrud vedgår at vi ikkje er heilt i mål med å skape ein inkluderande skule.

– Ei utfordring er at det er ikkje nødvendigvis er ein klår samanheng mellom det å ha eit vedtak om spesialundervising og det å få god spesialundervising, seier han.

Dette er noko av det forskingssenteret SpedAims håpar å justere på.

– Inkludering er komplekst

Så kva er reell inkludering?

– Mange tenker at inkludering handlar om å vere saman, romme kvarandre fysisk eller organisatorisk. Det er ein viktig faktor, men ikkje tilstrekkeleg, seier Anmarkrud.

Han og andre spesialpedagogar er opptatt av å utvide og nyansere inkluderingsomgrepet.

– Sosial inkludering, til dømes, handlar om at du ikkje berre er på same stad, men at du er ein del av det sosiale miljøet på ein arbeidsplass eller på ein skule, seier han.

I tillegg kjem det forskarane kallar psykisk inkludering, som er meir ei subjektiv side av omgrepet.

– Dersom personane vi prøvar å inkludere likevel ikkje opplever at dei er inkludert, så er dei heller ikkje det. Inkludering er komplekst, rett og slett, seier Anmarkrud.

– Eit betre utgangspunkt finst knapt

Nett difor ynsker Ragnhild Nøst Bergem å vise fram livet slik det er, i all sin variasjon, noko ho trur er med på å bryte ned fordommane som hindrar at vi ser og rommar kvarandre.

– Filmen om Ola handlar om utviklingshemming og det å vere annleis, men aller mest handlar han om å vere menneske. Med demensfilmane vil eg vise kor viktig det er å leve livet best mogleg også med ein dødeleg sjukdom, seier ho.

Som forskar kan ikkje Anmarkrud gå like tett på personane og familiane han intervjuar som filmskaparen.

– Noko av det viktigaste gode historier gjer, anten det er film, litteratur eller anna kunst, er å gi oss – familiefolk, lærarar, arbeidsgivarar og forskarar – gode utgangspunkt for refleksjon, seier han.

Juryleder Ellen Irèn Brinchmann sammen med Jonaprisvinnerne Ragnhild Nøst Bergem og Ola Henningsen. Foto
Juryleiar Ellen Irèn Brinchmann saman med årets Jonaprisvinnarar Ragnhild Nøst Bergem og Ola Henningsen. Foto: Shane Colvin/UiO

Juryen for Jonasprisen er hjartans einig: 

– Å skildre uvanlege menneskeliv, utan at det samstundes framstår som sært eller framandt, er utruleg vanskeleg. Det er nett difor filmen om Ola er ei heilt spesiell og viktig forteljing, seier juryleiar Ellen Irén Brinchmann.

– Sjølv om filmen handlar om det å vere annleis, held framstillinga seg nær det ålment gjenkjennelege. Eit betre utgangspunkt for å bryte ned skiljet mellom om oss og dei, finst knapt, seier Brinchmann.

Om Jonasprisen

Jonasprisen er ein ærespris etablert i 1984 som årleg vert tildelt ein person, organisasjon eller institusjon som har medverka til å skape eit romslegare og meir tolerant samfunn, der menneskeleg variasjon og personlege særtrekk vert sett på som ein rikdom og ikkje eit problem. Æresprisen er kalla opp etter Jens Bjørneboes roman, Jonas, frå 1955. Det er Institutt for spesialpedagogikk ved Universitetet i Oslo som deler ut prisen. I juryen sit Ellen Irén Brinchmann (leder), Ona Bø Wie, Henrik Daae Zachrisson og Grete Indahl.

 

Juryens grunngjeving for prisen:

Ragnhild Nøst Bergem og Ola Henningsen har på hver sin måte medvirket til å skape et romsligere samfunn ved å fremme mangfold og likeverd. 

Som dokumentarfilmskaper gir Ragnhild Nøst Bergem kraft til stemmer som ofte ikke høres og innblikk i liv som ofte overses. Med varme og respekt, skildrer hun nære portretter av personer med demens og utviklingshemming på en måte som fremhever det allment gjenkjennelige, slik som verdien av vennskap og betydningen av å være seg selv.

Ola Henningsen er hovedpersonen i Nøst Bergems dokumentarfilm «Ola – En helt vanlig, uvanlig fyr». I samspill med Nøst Bergem, forteller Henningsen historien om sitt eget liv – en historie som rører og engasjerer, utfordrer og forener. Med sine åpne, ærlige og kloke betraktninger om seg selv og omverdenen, minner Henningsen oss på at vi alle er unike, men i grunnen også ganske like.

Emneord: jonasprisen, ærespris, inkludering, Podkast Av Monica Bjermeland, Det utdanningsvitskaplege fakultet
Publisert 27. aug. 2024 14:34 - Sist endret 27. aug. 2024 16:08