English version of this page

HC-parkering

P-plassar med handikapsymbol gjeld for deg med offentleg godkjent HC-løyve. Du treng ikkje noko i tillegg til parkeringsløyvet.

Det interaktive kartet viser HC-parkeringsplassar på Blindern.

Sjå kartet i MazeMap (mazemap.com)

Gaustad

På Gaustad finn du HC-parkering ved Domus Medica tilbygg og ved Ole-Johan Dahls hus.

Sentrum

I sentrum har UiO berre to reserverte HC-plassar. Dei ligg på Tullinløkka, på baksida av Historisk museum. Sjå nettsidene til Oslo kommune for kommunale HC-plassar (oslo.kommune.no).

Tøyen

Naturhistorisk museum

Du finn HC-plass utanfor Botanisk hage i Monrads gate, rett utanfor inngongen til museet, og i Botanisk hage, med innkøyring frå Sars gate.

Publisert 22. des. 2017 10:28 - Sist endra 4. juli 2024 09:14