English version of this page

Parkeringsplassar på UiO

Oversikt over parkeringsplassar for tilsette og besøkande. Studentparkering finst berre på parkeringsplasssen bak Frederikkebygningen. 

Blindern

UiO anbefaler at gjestar, studentar og tilsette syklar, går eller reiser med T-bane, trikk og buss til campus.

Det finst parkering for tilsette i nærleiken av Henrik Wergelands hus, Eilert Sundts hus, Lucy Smiths hus/Villa Eika, Georg Sverdrups hus, Kristine Bonnevies hus, Fysikkbygningen/Kjemibygningen og Geologibygningen/ZEB-bygningen. 

Sentrum

Det er berre parkeringsplassar for tilsette i sentrum:

  • Nokre få plassar i bakgården til Frederiks gate 3. 
  • Nokre få plassar i bakgården til St. Olavs gate 29.
  • Parkeringsplassen bak Historisk museum.

Naturhistorisk museum

Køyring og parkering i Botanisk hage er forbode.

Gaustad

Forskningsparken

NB! Alle gjesteparkeringsplassane ved Kristen Nygaards hus tilhøyrer Norsk Regnesentral. 

Parkere med parkeringsløyve fra UiO

Parkering utan parkeringsløyve

  • Viss du må parkere ei kortare stund rett ved Kristen Nygaards hus grunna tungt verktøy, maskinar eller likande, eller berre for å levere noko, snakk med IT-avdelinga si ekspedisjon, så freistar vi å låne ein plass av Norsk Regnesentral.
  • Viss du eller gjestane dine ikkje har parkeringsløyve, kan du betale parkering i parkeringshuset til Forskningsparken eller Rikshospitalet.

Domus Medica og Domus Odontologica

Parkeringshus i Ole-Johan Dahls hus og Domus Medica tilbygg. Adgang med kortlesar.

Parkering for elbilar

Det er ladeplassar for elbilar i parkeringshuset til Domus Medica tilbygg, i parkeringshuset til Ole-Johan Dahls hus og på parkeringsplassen bak Gaustadalléen 30.

Plassane skal berre nyttast av skilta elbilar under lading og er ikkje meint som reserverte p-plassar for elbilar. Gyldig parkeringsløyve er påkrevd. Plassane gjeld ikkje for hybridbilar.

Feilparkering

Feilparkerte bilar og bilar utan gyldig parkeringsløyve kan få kontrollgebyr. Gebyrbeløpet er fastsatt i parkeringsforskrifta av 1.1.2017 og vert innkrevd av Apcoa A/S (apcoasupport.no).

Harald Schjelderups hus

  • Parkering for tilsette: Ved enden av Forskningsveien 3a.

  • Gjesteparkering: Mot betaling i Forskningsveien eller ta kontakt med avdelinga for å få gjestekort til å parkere på A-plassane.
  • Det er ingen eigne parkeringsplasser for studentar i Forskningsveien.

Rikshospitalet

For å få tilgang til ansattparkering ved Oslo universitetssykehus (OUS) må du ta kontakt med oss@ous-hf.no eller parkering@ous-hf.no. Då får du tilsendt lenke til parkeringsløysinga.

  • Eksternt tilsette følgjer same prosedyre som tilsette når det gjeld registrering og betaling. Det er eigne retningslinjer for kven som kan nytta seg av denne løysinga.
  • Registrer kva periode du ønsker å parkera og hugs å kontrollera dato for oppstart. Du viderekobles til betalingsløysing basert på forskuddsbetaling.
  • Du vil bli varsla om utløp av eksisterande avtale.
  • Du kan ta vare på den mottatte lenken på pc, men du kan òg vidaresenda han til nettbrett eller mobil slik at du kan gjera endring i registreringsnummer på fleire plattformer. Du kan endra registreringsnummer så mange gonger du ønsker.
  • Når du er registrert  treng du ikkje fysisk oblat for å parkera. Parkeringsbetjenter sjekkar om registreringsnummeret ditt er godkjent eller ikkje.

Meir om parkering og prisar på Rikshospitalet finn du på sjukehusets eigne sider (oslo-universitetssykehus.no)

Geitmyrsveien 69/71

Parkeringsplass bak bygninga med 22 plassar for tilsette.

OUS for IMB og Klinmed

For å få tilgang til ansattparkering ved Oslo universitetssykehus (OUS) må du ta kontakt med oss@ous-hf.no eller parkering@ous-hf.no. Då får du tilsendt lenke til parkeringsløysinga.

  • Eksternt tilsette følgjer same prosedyre som tilsette når det gjeld registrering og betaling. Det er eigne retningslinjer for kven som kan nytta seg av denne løysinga.
  • Registrer kva periode du ønsker å parkera og hugs å kontrollera dato for oppstart. Du viderekobles til betalingsløysing basert på forskuddsbetaling.
  • Du vil bli varsla om utløp av eksisterande avtale.
  • Du kan ta vare på den mottatte lenken på pc, men du kan òg vidaresenda han til nettbrett eller mobil slik at du kan gjera endring i registreringsnummer på fleire plattformer. Du kan endra registreringsnummer så mange gonger du ønsker.
  • Når du er registrert  treng du ikkje fysisk oblat for å parkera. Parkeringsbetjenter sjekkar om registreringsnummeret ditt er godkjent eller ikkje.

Meir om parkering og prisar ved OUS finn du på sjukehusets eigne sider (oslo-universitetssykehus.no)

Frederik Holsts hus og Stjerneblokka, Lille Ullevål (Institutt for helse og samfunn)

  • Tilsettparkering langs gjerdet ved Frederik Holsts hus for dei som har registrert fordelsparkering gruppe A.
  • Gjesteparkering: Den fjerde plassen nærast stabburet er reservert til gjestar. Du kan reservere plassen i resepsjonen i Frederik Holsts hus for timane gjesten skal besøke instituttet. 

  • Betalt parkering: På delar av Nedre Ullevåls vei, inkludert området framfor Nedre Ullevål 11 kan du betale med app. Det er òg nokre betalte plassar framfor hovudinngongen ved Frederik Holsts hus.

Silurveien

  • Syklar kan parkerast i sykkelstativa på baksida av bygningen.
  • Innandørs bilparkering mot betaling. For prisar, antall plasser og liknande, sjå Silurveien parkeringshus (aimopark.no).
  • 12 parkeringsplassar har ladar til elbil: 6 plassar på øvre plan ved inngang B og 6 plassar på nedre plan ved inngang A.
  • Instruksjonar for lading finn du på kvar enkelt ladestasjon.
  • UiO disponerer ein parkeringsplass for forflytningshemma.

Lurer du på kvifor det bråkar eller parkeringsplassar er sperra?

Sjå Informasjon frå Eigedomsavdelinga om pågåande og planlagd arbeid.

Publisert 26. nov. 2019 15:36 - Sist endra 17. juni 2024 14:29