English version of this page

Parkering for studentar

Som registrert student kan du parkera gratis på parkeringsplassar merka S (student).

Du må registrera deg som UiO-brukar i parkeringsappen Apcoa Flow. Den lastar du ned i App Store eller Google Play. Du kan òg registrera deg på Apcoa si heimeside (flow.apoca.no)

Slik aktiverer du parkeringsløyvet

  • Last ned parkeringsappen Apcoa Flow i App Store/Google Play eller gå inn på Apcoa si heimeside (flow.apoca.no). Appen er ikkje støtta av Windows Phone. 
  • Opprett brukar hos Apcoa. 
  • Klikk deg vidare på Meny - Fordelsparkering - Registrer fordelsparkering - Universitet og høgskuler - UiO. Her loggar du deg inn med UiO-brukarnamn og -passord (Feide). 
  • Registreringa er ferdig når det dukkar opp ein beskjed om at fordelsparkering er registrert.
  • Under fana Fordelsparkering kan du sjå detaljar om kva for ei sone du har tilgong til, utløpsdato på fordelsparkeringa og kva for ein bil fordelen er registrert på.
  • Med denne elektroniske løysinga er parkeringsløyvet knytt til deg som person. Du kan registrera fleire bilar, men fordelen av å parkera gratis kan berre nyttast på ein bil av gangen. Du må difor passe på at bilen du til kvar og ein tid nyttar, er den som er registrert med fordelsparkering. 
  • Studentar må ha betalt semesteravgift for å få fordelsparkering. 
  • Du treng ikkje gå inn i appen og starta parkeringa kvar gong du skal parkera. Når du har registrert ei fordelsparkering, gjeld ho i eitt år frå registreringsdato. Du ser i appen kor lang tid du har igjen før registreringa må fornyast.
  • Merk deg kva sone (gruppe A, S, R eller E) du har tilgong til. 

Slik fornyar du parkeringsløyvet

Viss du har eit aktivt parkeringsløyve, må du sletta det frå profilen din først.

  • Gå inn i appen Apcoa Flow eller logg deg inn via Apcoa si heimeside (flow.apcoa.no).
  • Velg Meny - Fordelsparkering.
  • Trykk på det aktuelle parkeringsløyvet.
  • Velg Slett.

Aktiver parkeringsløyvet på nytt

  • Klikk deg inn på Meny - Fordelsparkering - Registrer fordelsparkering - Universitet og høgskuler - UiO. Her loggar du deg på med UiO-brukarnamn og -passord (Feide).
  • Registreringa er ferdig når det kjem opp beskjed om at fordelsparkering er registrert.

Personvern

  • Ved innlogging via Feide blir berre data om UiO-tilknytinga di henta, ingen andre personopplysningar.
  • For statistiske formål blir anonymiserte data delt med UiO.  
  • Bruk av data er regulert i ei eige databehandlaravtale mellom UiO og Apcoa Parking Norway.
  • OBS! Når fordelsparkeringa di går ut, er du framleis registrert som brukar i Apcoa fram til du avregistrerer deg i appen eller på nettsida deira. 
  • Alle personopplysningane om deg vert sletta når du avregistrerer deg. Du kan når som helst velje å avregistrere brukaren din i Apcoa.

Kva betyr skilta?

  • A-plasser kan nyttast av bilar med fordelsparkering A, R og E.
  • S-plasser kan nyttast av bilar med fordelsparkering S, R, og E.
  • R-plasser kan nyttast av bilar med fordelsparkering R.
  • HC-plassar er reserverte for bilar med kommunalt HC-parkeringsløyve.

Studentar kan parkera på A-plasser i helger og på heilagdagar.

Kontakt

Har du problem med innlogginga? Send ein e-post til Apcoa Support eller ring kundesenteret på telefon 22 05 75 00.

Send ein e-post til Eigedomsavdelinga viss du har spørsmål om parkering ved UiO.

Publisert 16. okt. 2017 10:49 - Sist endra 3. juli 2024 15:37