English version of this page

Elisabet Garcia Gonzalez

Kandidat til universitetsstyret i gruppen midlertidig vitenskapelig ansatte

Forslagsstillere

  • Ingeborg Sophie Bjønness Ribu, stipendiat, Institutt for lingvistiske og nordiske studier, HF

  • Pernille Hansen, postdoktor, Senter for flerspråklighet MultiLing, HF

  • Yes Sevinc, postdoktor, Senter for flerspråklighet MultiLing, HF

  • Ingvild Badhwar Valen-Sendstad, stipendiat, Senter for flerspråklighet MultiLing, HF

  • Junyi Yang, stipendiat, Institutt for pedagogikk, UV

  • Natalia Karushina, postdoktor, Psykologisk institutt, SV

  • Liquan Liu, postdoktor, Senter for flerspråklighet MultiLing, HF

  • Jorunn Simonsen Thingnes, stipendiat, Senter for flerspråklighet MultiLing, HF

Valgplattform

Eg ønskjer å representere dei mellombels tilsette i universitetsstyret fordi eg meiner UiO i større grad må integrere og ta omsyn til krav frå både lokale og internasjonale tilsette. Med ei uviss framtid og avgrensa tid til å utføre arbeidet sitt, er mellombels tilsette ei av dei mest utsette gruppene ved universitetet. I tillegg manglar mange tilsette med internasjonal bakgrunn eit støttande nettverk, og dei har gjerne lite erfaring med å navigere i den akademiske verda. Grunna dette vert mellombels tilsette ofte hardast råka i kriser som den vi no står midt oppe i. Mange av oss er redde for korleis denne situasjonen vil påverke prosjekta våre. Universitetet har uttrykt at mellombels tilsette skal få utvida tilsettingstida si, men det er usikkert kor mange av stipendiatane og postdoktorane dette vil gjelde. Dette er ein kamp vi ikkje kan kjempe åleine. Universitetet i Oslo må samarbeide med andre universitet om å løfte problemstillinga nasjonalt. Som kandidat for mellombels tilsette i universitetsstyret er dette noko eg er fast bestemt på å kjempe for. Stemmene våre må bli høyrde og rettane våre sikra – vi er ryggraden til dette universitetet 

1. Tverrfaglegheit og konkurranseevne på arbeidsmarkanden

Tverrfaglegheit vert stadig viktigare i UH-sektoren. Det er viktig å etablere band mellom forskarar med ulik bakgrunn, men i praksis er dette ofte svært krevjande. For å legge til rette for tverrfagleg samarbeid og dermed også styrke tilsettes konkurranseevne i kampen om forskingsmidlar, må UiO fjerne byråkratiske hinder og sikre adminstrativ fleksibilitet. Det bør for eksempel bli lettare å ta ph.d-kurs ved andre fakultet enn sitt eige.

Karriereutsiktene til mellombels tilsette er usikre, og COVID-19 kan gjere konkurransen om midlar og stillingar endå hardare. Det er viktig at vi er godt rusta til det framtida måtte by på, i akademika eller i privat sektor. Vi må utvide den akademiske ekspertisen vår, samstundes som vi må kunne formidle kva kunnskap og ferdigheter vi sit på, til institusjonar og organisasjonar utanfor akademia. Mellombels tilsette må få trening i å tenkje utanfor boksen og vere innovative.

2. Mangfald, tverrkulturelt samarbeid og støtte til nytilsette

Internasjonalt tilsette utgjer ein stor andel av dei mellombels tilsette ved UiO, og nettverka dei har med seg til universitetet, er viktige for synlegheit, samarbeid og finansiering. I tillegg til arbeidsmengda alle tilsette har, må internasjonalt tilsette tilpasse seg eit liv i eit nytt land og ein ny forskarfellesskap. UiO må bidra til at denne tilpassinga vert så smertefri som mogleg, ved for eksempel å tilby alle nytilsette ein fadder. Om de vel meg, vil eg arbeide for at mellombels internasjonalt tilsette kan få økonomisk støtte til å flytte til Noreg, på lik linje med fast tilsette. Eit universitet som ønskjer å tiltrekke seg internasjonale talent, må også ta sosialt ansvar for desse talenta.

4. Eit fleirspråkleg universitet

Internasjonalt tilsette opplev stadig at informasjon vert «lost in translation», eller ikkje vert omsett i det heile. Som språkvitar er eg oppteken av å bruke og verne om nasjonale og regionale språk og den språklege identiteten vår. Samstundes er eg som forskar og internasjonalt tilsett (enn så lenge) avhengig av å nytte engelsk som arbeidsspråk. UiO trekkjer til seg forskarar frå alle verdshjørne, og vi kan ikkje la språkbarrierar stå i vegen for å at dei kan gjere si plikt og involvere seg. Mange får tilbod om språkkurs, men for mellombels tilsette kan det vere vanskeleg å finne tida til lære seg eit nytt språk.

Difor treng vi ein fleirspråkleg språkpolitikk: Viktig informasjon må vere tilgjengeleg på både norsk og engelsk. Seminar om overførbare ferdigheiter og tverrfaglege spørsmål som trakassering og karriereplanlegging bør haldast på engelsk, eller på båe språk. Alle som har ansvar for å leie, koordinere eller rettleie sjølv ein einaste internasjonalt tilsett, bør gjere desse oppgåvene med ein fleirspråkleg mentalitet.

4. Mental helse

UiO oppfordrar sine tilsette til fysisk aktivitet, og eg meiner vi òg må gjere ein innsats for mental trening. Det kan vere vanskeleg å halde ei god mental helse ved like i akademia, særleg for mellombels tilsette, som ofte kan kjenne seg verdilause, slite seg ut eller rammast av bedragarsyndrom. For å byggje opp den mentale helsa vår, må vi ikkje berre få tilbod om profesjonell hjelp på norsk og engelsk, men også ha trygge rom der tilsette kan snakke fritt med kvarandre. Eg vil jobbe for at UiO skapar slike rom.

5. Datahandtering, etikk i forskinga og forskingsressursar

Mellombels tilsette møter ei forventning om å tileigne seg eit mangfald av metodar og ferdigheiter som vil forme karrierane våre. Det er særleg tre områder som eg trur vi kan betre for å lykkast i forskinga vår:

  • Datadeling og datahandtering: UiO har gjort ein god jobb med å implementere GDPR-reglementet på institusjonsnivå, men det står att å sikre at alle fakultet og institutt handhevar det og trenar sine tilsette uavhengig av fagfelt. Mellom anna må ph.d.-kursa oppdaterast slik at stipendiatane får ei grundig innføring i kva de kan og ikkje kan gjere med eigne data, og kva moglegheiter ein har for datadeling og samarbeid.
  • Etikk i forskinga: Sjølv om kvart fagfelt møter sine eigne etiske utfordringar, finst det òg allmenne etiske spørsmål, slik som korleis vi held oss sannferdige i forskinga vår. Førehandsregistrering av studiar er ei løysing som eg meiner burde vere ein del av forskarutdanninga.
  • Forskingsressursar: Datainnsamling er eit kritisk punkt for mange mellombels tilsette, særleg om ein har menneske som studieobjekt. Som forskar kan ein hamne i eit dilemma: Skal ein stoppe datainnsamlinga for å rekke fristane, sjølv om ein har for lite data til å ein påliteleg statistisk analyse? Om vi sikrar at tilsette kan få støtte til vitskaplege assistentar, vil det heve kvaliteten på forskinga og publikasjonsraten samtidig som ein gir studentar verdifulle erfaringar. 

Bakgrunn

Se min profilside på uio.no (engelsk).

Publisert 15. mai 2020 10:43 - Sist endret 16. mars 2021 09:41