English version of this page

Erklæring om personvern for nyheitsbreva til UiO

UiO er opptatt av personvern og av å følge gjeldande personvernreglar for nyheitsbrev. Vi har oppdatert rutinane våre slik at dei følger dei nye personvernreglane (GDPR).

Behandlingformål

For at UiO skal kunne sende deg nyheitsbrev trenger vi å behandle dine personopplysningar. E-postadressa brukes kun til å sende ut nyheitsbrevet du har abonnert på. Vi kan også behandle opplysningar knytta til bruksmønster for statistikk og forbetring.

Behandlingsgrunnlag

Det rettslege grunnlaget for behandlinga er personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav a: Samtykke.

Når du melder deg på eit nyheitsbrev, samtykker du til UiOs behandling av dine personopplysningar. Du mottek nyheitsbrev frå oss fordi du har samtykt i å motta dette.

Avmelding

Du kan når som helst trekkje tilbake samtykket ditt, ved å melde deg av nyheitsbrevet. Då slettar vi e-postadressa di, og behandlinga av dine opplysningar i forbindelse med nyheitsbrev opphøyra. Du melder deg av nyheitsbrevet ved å klikke på lenka for dette i nyheitsbrevet det gjeld.

Viss du ikkje vil halde fram med å ta i mot nyheitsbrevet vårt oppfordrar vi deg til å melde deg av med å sende ein e-post til e-postadressa du finn i nyheitsbrevet.

Personopplysningar som handsamast

Personopplysningar som handsamast er ditt namn, e-postadresse, samt kva nyheitsbrev du ønskjer å abonnere på. I tillegg kan UiO behandle opplysningar om bruksmønster knytta til nyheitsbreva. Dine personopplysningar blir lagra heilt til du trekkjer ditt samtykke.

Dine personopplysningar vert, tillegg til av oss, behandla av vår databehandlar Make AS. Dei leverer den tekniske løysinga for nyheitsbrevet vårt.

Dine rettar

Når UiO behandla personopplysningar om deg har du enkelte rettar etter personvernregelverket. Disse er:

  • Rett til innsyn og informasjon
  • Rett til retting
  • Rett til sletting
  • Rett til avgrensa behandling
  • Rett til å protestere
  • Rett til å klage over behandlinga

Kontakt

Vi har eit personvernombod på UIO som du kan komme i kontakt med ved å sende epost til personvernombudet@uio.no.

Universitetet i Oslo (UiO) er behandlingsanvarleg for dei behandlingsformål som går fram av denne erklæringa. Har du spørsmål til innhald i erklæringa kan du ta kontakt via e-post: behandlingsansvarlig@uio.no. Vi vil behandle di førespurnad uten ugrunna opphald, og seinast ein månad etter vi mottek oppmodinga. 

Klage til Datatilsynet

Du kan fremme ei klage til Datatilsynet viss du meiner at personvernet ditt er krenkt.

Gjenbruk av informasjon

Vi skal ikkje gjenbruke e-postadressa di til andre e-postlister.

Om dette skulle verte aktuelt kjem vi til å ta kontakt for å be om nytt samtykke til å føre opp epostadressa di på ei anna liste.

 

Publisert 28. juni 2018 14:07 - Sist endra 27. apr. 2023 13:27