Frukost med Bernt: Tysklands moderne identitet og framtid

30 år etter Tyskland vart samla - og månader før Angela Merkl avsluttar si lange periode som kansler – kva no?

Program

  • Forbundsrepublikken Tyskland med meir enn 80 millionar innbyggjarar er «too big for Europe and too small for the world», som Henry Kissinger sa det. 
  • I kva retning går Tyskland no etter Merkl - politisk, økonomisk, kulturelt og vis à vis EU?
  • Tysk språk og kultur - nok ein gong mønsterdanande for Noreg?
  • Ulike formar for nasjonalisme – den tunge arven. Vil Habermas’ forfatningspatriotisme vere nok?  
  • Tyskland og Noreg, og Tyskland og EU etter Brexit
 

Program

08:30

Velkommen ved Partnerforums sekretariat 

Den vanskelege nasjonalismen og det nye Tysklands identitet    
Bernt Hagtvet, professor Bjørknes Høyskole/UiO

«Tysklandsfaktoren» – geopolitikk med Tyskland mellom Brexit/Trump og Putin/ Orban/PiS
Kate Hansen Bundt, generalsekretær Atlanterhavskomiteen

Tysk politikk mellom høgreframgang og håp om stabilitet:
Er to-partisystemet i ferd med å bli ein saga blott? Korleis påverkar tysk kultur landets politiske liv?
Sten Inge Jørgensen, utanriksjournalist i Morgenbladet  

Diskusjon og spørsmål med salen leidd av Bernt Hagtvet

10:30 Slutt       
 

Påmelding

Gratis inngang for tilsette hos partnarane (deltakeravgift er allereie betalt via medlemsbidraget til Partnerforum).  Deltakaravgift for andre interesserte er kr. 400 (studentar/honnør kr. 200,-).

Påmelding for partnarane         Kven er partnar?

Påmelding for alle andre

 

Seminaret den 16. desember 2020 er den sjette Bernt-frukosten i Partnerforum sin regi. Tidlegare frukoster; 2019: Den spanske tragedien, 2018: Er vondskap ein sjukdom? 2017: Attersyn med Orwell, 2016: Europa i krise – kvar går Europa i ljos av Dreyfus-saka, 2015: Kjem fascismen attende til Europa?

Om innleiarane og deira foredrag

 

Bildet kan inneholde: portrett, tjenestemannarbeider, iris, portrettfotografering, fotografering.Kate Hansen Bundt er generalsekretær for Den norske Atlanterhavskomité og statsviter frå Universitetet i Oslo. Bundt var styreleiar ved Norsk utenrikspolitisk institutt fra 2014 til 2017.
Om foredraget: I haust er det 30 år sidan Tyskland var samla. Angela Merkel har styrt i 15 av dei. I løpet av regjeringstida hennar  (2005-2021) er Tyskland blitt for Europa det USA har vore for den liberale verda: ein uunnværleg makt. Denne tyske nøkkelrolla har ikkje vore etterstreba medvete, men er vakst fram frå dei freistnadene Berlin har engasjert seg i for å handtere dei mange europeiske og internasjonale krisane: Finanskrisa som utfordra euro-samarbeidet; Ukraina-krisa som endra det geopolitiske biletet og tilhøvet til Russland; flyktningkrisa som ga nytt liv til høgre-ekstreme parti; Brexit; og no koronakrisa – dei har alle forskuva tyngdepunktet i EU frå Brussel til Berlin.
Krisene har tvunge Tyskland, EUs rikaste og tyngste medlemsland, til å ta ei leiarrolle i Europa som landet ikkje har ynskt og lenge freista å sleppe unna. Men ved kvar ny krise vender europearane seg til Berlin. Og fordi innbindinga i EU og andre multi-laterale institusjonar, av historiske årsaker, er langt viktigere enn for noko anna land, søker Berlin også av rein eigeninteresse å finne kollektive løsninger på internasjonale kriser saman med andre gjennom EU, NATO og FN. At den liberale verdensorden – som Tyskland har nytt så godt av gjennom etterkrigsperioden - er komen under stadig sterkare press utenfra (Kina og Russland) og innanfrå (Trumps USA, anti-demokratiske krefter i mange land som Polen, Ungarn og Tyrkia), vil troleg avkreve Tyskland eit enda større leiaransvar dei komande åra og utfordre Merkels etterfølger. Eit avgjerande spørsmål vil vere kor Merkels etterfølgere vil søke allierte.

 

Bildet kan inneholde: topp, ansikt, hake, hode, kinn.Sten Inge Jørgensen er forfattar og utanrikspolitisk journalist i Morgenbladet. Dei to siste bøkene hans er «Tyskland stiger frem» (Aschehoug 2014) og «Vi som elsker Europa» (Kagge 2018).  I 2015 vart han tildelt den norsk-tyske Willy Brandt-prisen.
Om foredraget: Tysklands unike historiske røynsler har skapt ein politisk kultur prega av eit sterkt ynskje om stabilitet, moderasjon og føre-var-mentalitet. Heile 2/3 av veljarane stør sentrumsorienterte parti, og på grunn av landets storleik og tyngd når denne stabiliseringseffekten heile kontinentet. Tysklands styrke er i stor grad fundert på ein særs vellukka økonomisk modell som på vesentlege område skil seg frå  den anglo-amerikanske kapitalismen (den sosiale markedsøkonomien). Ettersom Tyskland no inntar ein klår leiarposisjon i Europa, er forståing av tyske kulturelle og historiske særdrag blitt ein nykkel til å skjøna meir av den framtida vi ser kome.
 

Bernt Hagtvet er professor i statsvitskap ved UiO frå 1994 med utdaning frå UiO, UiB, Yale og Oxford. Særskilte interesser for totalitære diktatur, ideologiar og menneskerettsstudiar, samt intellektuelle i politikken (bok om Bjørnson og Dreyfus-saka, 1994). Forskingsleiar ved Programmet for Menneskerettsstudiar, CMI i Bergen 1983-94. Gjesteførelesar ved Yale hausten 2016 om europeisk fascisme. Prof. II ved Bjørknes Høyskole. Breitt forfattarskap om europeisk politikk og politisk ekstremisme. Spaltist i Aftenposten og Dag og Tid, sakprosameldar i Dagbladet.Avholdt STV 1530, folkemordkurset som i ti år, «før jeg ble tvangspensjonert», som han seier, fylte auditorium 1 på SV. Knut Olav Åmås (tidl. kultur- og debattredaktør i Aftenposten) omtala serien «Frukost med Bernt» som gjekk 150 gonger på Blindern som “... en av de viktigste deloffentlighetene i hovedstaden: Flere ganger månedlig møtes flere enn 200 mennesker for å drøfte brennbare problemer i kultur og samfunn: tidlig om morgenen, i to stive timer, med frokost, gratis og åpent for alle.” (Aftenposten, 30.01.09). Han tala 300 minuttar om europeisk fascisme ved UiB  hausten 2018, ei førelesing som vart direktesendt på nrk2 som Frank Aarebrots minneførelesing.

Om Partnerforum

Partnerforum er eit samarbeid mellom Universitetet i Oslo, Handelshøyskolen BI og statlege verksemder. Vi er 22 partnarar som samarbeider om å lage arrangement om tema som er aktuelle for statsforvaltninga og det breie offentlege rom. Partnerforum lagar årleg ca. 11 fellesarrangement og eitt seminar for kvar partnar. I fjor bidrog 102 innleiarar for 2350 deltakarar på våre 24 arrangement.

Emneord: Sikkerhet, Demokrati, Etikk, Juss
Publisert 14. okt. 2020 14:34 - Sist endra 17. des. 2020 11:02