Partnerseminar for Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Norsk og internasjonal økonomi.  Kartverkets digitaliserte tilbud - NRKs anvendelsesområder. Det vi ikke sier - Norske hemmeligheter.

Kommunal- og moderniseringsdepartementets partnerseminar inngikk i departementets årlige økonomiseminaret på Helsfyr, hvor Partnerforum sto for programmet etter lunsj.

 

Seminaret har som mål å ha eit fagleg innhald som kan vere interessant for alle tilsette i KMD, vere ein hyggeleg møtestad og medverke til kulturbygging på tvers av avdelingane. Deltakarane starta dagen med frukost på hotellet.

Program

9.00: Velkomne ved avdelingsdirektør Hanne Finstad 

9.15 Norsk og internasjonal økonomi – prognose for utviklinga framover (PDF)
         Roger Hammersland, SSB

Roger Hammersland har doktorgrad i økonomi og er forskar i forskingsavdelinga ved SSB, der han har vore sidan 2007. Mellom forskingsinteressene hans er internasjonal makroøkonomi og finansøkonomi.  Roger Hammerslands forskningsfeltet er blant annet makroøkonomiske analyser, konjunkturanalyser og prognoser. Foto: Statistisk sentralbyrå

10.15: Pause 

10.30 Kartverket sitt digitaliserte tilbod – ein fordel for fleire
          Jon Arne Trollvik, Turid Ellingsen og Hardy Buller

Kartverket har ei viktig rolle som nasjonal geodatakoordinator, i nært samarbeid med kommunane og andre offentlege leverandørar og brukarar av geografisk informasjon. Kartverket leier for tida det største landkartleggingsprosjektet i Noreg nokon gong - der heile landet blir laserskanna og lagt inn i ein ny, svært detaljert høgdemodell.

Turid Ellingsen er direktør for eigedomsdivisjonen i Kartverket, som ho har losa gjennom ei rekkje store digitaliseringsprosessar. Ho har tidlegare hatt ulike leiarstillingar i Nordea Bank.
Jon Arne Trollvik er sjefsingeniør i Kartverkets landdivisjon. Han har jobba i Kartverket sidan 2001, først som fylkeskartsjef, seinare som prosjektleiar blant anna ved etableringa av «Norge i bilder» og no for nasjonal detaljert høgdemodell.
Hardy Buller er seksjonsleder for fagarkivseksjonen i Kartverket som blant anna digitaliserer historiske flyfoto og kart. Han har bakgrunn som fotograf og medeier i journalistbyrå.

11.30 Lunsj

12.30  Journalistikk og kartdata hos ein allmennkringkastar
           Harald K. Jansson og Øyvind Bye Skille, NRK

Få innblikk i korleis kart kan vere alt frå ein enkel forklarande illustrasjon til heile grunnlaget for ei journalistisk undersøking. Eller korleis kartdata spelar ei rolle både i kulissene og presentasjonen av NRK sine minutt for minutt-eksperiment. Harald K. Jansson arbeider med kart og kartdata i NRK. Han har medverka til prosjekt som spenner frå "Monsen på villspor" til "Saltstraumen minutt for minutt" og yr.no sine verkart.  Øyvind Bye Skille er nettjournalist i NRK. Han arbeider med undersøkande journalistikk og har medverka til fleire saker der kart og kartdata er sentrale element.

13.30: Pause

13.45: Det vi ikkje seier (PDF)
           Cathrine Louise Finstad, Norske hemmeligheter

- Jeg elsker fri fantasi basert på sann historie, sier illustratør Cathrine Louise Finstad

Cathrine Louise Finstad er illustratør og står bak kunstprosjektet Norske hemmeligheter. Sidan 2009 har ho samla anonyme forteljingar frå heile landet og illustrer dei på nett. I denne bolken får vi ei innføring i det folk ikkje seier høgt om livet på arbeidsplassen. Denne hemmelegheita delte Cathrine Louise Finstad 19. februar. Den er sendt inn anonymt og illustrert av Aggy-Aggy-Hey

 

Arrangør

Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Partnerforum
Emneord: Økonomi, Internasjonalt, Kommunikasjon, Digitalisering, Tjenester
Publisert 21. mars 2019 14:09 - Sist endret 4. apr. 2019 08:51