English version of this page

Masterstipend Telemarksforskning

Skal du skrive ei masteroppgåve som er fagleg relevant for oss? Da kan du søke på Telemarksforsking sitt masterstipend. Søknadsfrister: 15. juni og 15. desember.

Nærbilde av seks bøker sett fra siden. Bøkene er i ulike farger.

Foto: Telemarksforskning

Prosjektbeskriving

Telemarksforsking deler ut masterstipend på 15 000 kr til studentar som skriv oppgåver innanfor våre fem fagområde: grønn omstilling, helse, utdanning og velferd, kommunal og regional utvikling, kommunal økonomi og styring og kulturliv og kulturpolitikk.

Mange studieretningar er interessante for oss da vi er eit tverrfagleg forskningsinstiutt. Døme på studieretningar våre forskarar har er: samfunnsøkonomi, statsvitenskap, kulturvitenskap, sosiologi, organisasjonsvitenskap, sosialantropologi, spesialpedagogikk, kulturhistorie, samfunnsgeografi, samfunnsutvikling- og planlegging.

Søknadsfrist er 15. juni for stipend i haustsemesteret og 15. desember for vårsemesteret. Vi deler ut eitt stipend til kvar søknadsfrist.

Du får

  • 15 000 kr i stipend
  • sparring med ein forskar frå Telemarksforsking (tidsavgrensa)
  • moglegheiter for å knytte deg opp til pågåande forskingsprosjekt ved Telemarksforsking dersom det er relevant og praktisk mogleg. Dette blir i så fall tilpassa kvar enkelt student og prosjektsituasjonen ved Telemarksforsking.

Du bidrar med

  • munnleg presentasjon av masteroppgåva for Telemarksforsking etter at du har bestått oppgåva

Søknadsprosess

Send ei kort omtale (maks 3 sider) av masterprosjektet på e-post til kristine.p.miland@tmforsk.no.

Du skriv i tillegg nokre setningar om kvifor du meiner temaet ditt er fagleg relevant for oss.

Søknadene blir vurdert av faggruppeleiarane etter følgjande kriterier og vekting:

  • Generell prosjektkvalitet (70 %)
  • Relevans for fagområda til Telemarksforsking (30 %)

Telemarkforsking har tre faggrupper som forskar på ulike tema. Sjå meir info om fagområda våre på heimesida.

Telemarksforsking (telemarkskforskning.no) held til i Bø i Telemark, og er eit nasjonalt samfunnsvitskapleg forskingsinstitutt. Vi ønskjer søkarar frå heile Noreg.

Korleis søke på prosjektet

Søk på dette prosjektet

Ta kontakt med kristine.p.miland@tmforsk.no

Frist for innlevering av oppgave

Etter avtale

Publisert 18. feb. 2022 11:59 - Sist endra 12. juli 2024 10:05