English version of this page

I kunsten kan kunstig intelligens få ein heilt ny funksjon

Forskar Benedikte Wallace skulle lære ei datamaskin å danse. Ho enda med å få ei ny innsikt i korleis kunstig intelligens (KI) kan brukast i kreative yrke.

Bilete av ein dansar i forgrunnen, medan eit KI-bilete vart visen på ein skjerm i bakgrunnen

Dansarane ønska ikkje at KI-en skulle vere som dei. I staden omfamna dei feila KI-en gjorde. Foto: Benedikte Wallace

Kunstig intelligens blir i prinsippet lært opp til å ha rett. Gjennom å bli mata med drøssevis av eksempel frå det verkelege livet, skal KI-en lære seg å svare eller handle slik eit supermenneske ville gjort det.

Benedikte Wallace ønska å utforske kva nytte KI kunne ha i dans. I doktorgraden sin brukte ho over eit år på å samle ekte danseeksempel og putte dei inn i datamaskina. Rundt 30 dansarar var innom opptaksrommet og improviserte til musikk før KI-en vart mata med hundrevis av «snapshot» frå dansen deira.

Så vart han beden om å danse sjølv – som strekar på ein skjerm.

– Omtrent halvvegs i graden hadde eg endeleg noko som såg ut som dans. Men då fann eg at dei eksempla dansarane likte best, var eksempla der KI-en gjorde feil, seier Wallace, som jobbar ved RITMO Senter for tverrfaglig forskning på rytme, tid og bevegelse, Universitetet i Oslo.

Portrettbilete av Benedikte Wallace
Benedikte Wallace har undersøkt korleis KI kan brukast i dans. Wallace skal forsvara dokotgradsavhandlinga si den 19. september 2023 (engelsk).
Foto: Maja Ying Yi Kvikstad Testad

Ein arm på tre meter

Brått hadde ho eit funn som kan fortelje mykje om kva nytte kunstig intelligens kan ha i kreative yrke.

– Dansarane ønska ikkje ein perfekt kopi av ein menneskeleg dansar. Dei ønska å bli overraska: å sjå noko som ikkje er menneskeleg.

Det som skapte begeistring, var rare rørsler – ein arm som strekte seg til å bli tre meter lang, eller som krølla seg saman til ein liten ball. Armar og bein som bøygde seg i vinklar som ville vore umoglege for menneske, var også populære.

– Dansarane tok til å spørje seg korleis dei kunne omsetje slike rørsler til sin eigen kropp.

Ein dytt til kreativiteten

Fenomenet er ikkje heilt ukjent. Ifølgje Wallace finst det fleire eksempel på at absurde inntrykk utanfrå kan brukast for å setje i gang kreative prosessar.

I 1975 ga musikaren Brian Eno og multimedia-artisten Peter Schmidt ut ein spesiell kortstokk: Kvart kort tilbaud ein såkalla aforisme, til dømes ei setning eller eit sitat som skulle hjelpe kunstnarar å kome forbi skapande blokkeringar.

– I forsking på inspirasjon og kreativitet, ser vi ofte at dette kjem opp. Det å bli overraska eller utfordra, kan verke positivt på inspirasjon, motivasjon og problemløysing.

Å bruke KI på denne måten er likevel utanom det vanlege, ifølgje Wallace.

– Skal ein KI gje deg vêrmeldinga for morgondagen, ønskjer du ikkje at han skal fortelje deg noko umogleg. Men mine resultat tydar på at vi må tenkje annleis når KI skal brukast i ein kreativ praksis. Kanskje må vi utforske det urealistiske; det som berre kan kome frå noko som ikkje er menneskeleg.

– Må jobbe tett med brukarane.

I den vidare utforskinga av KI og kreative yrke, meiner Wallace blir det kan vere lurt å tenkje nytt om metode.

– I alle fall må vi jobbe tett opp mot miljøa som er meint å bruke det, meiner ho.

Sjølv let ho dansarane få prøve ut KI-en først etter at alle data var mata inn. Då hadde ho jobba hardt for å få maskina sin dans til å sjå realistisk ut.

– Hadde eg starta i motsett ende, slik at eg først snakka med dansarane om kva dei ønska seg, ville nok avhandlinga tatt ei anna retning.

Ein ny dans

Wallace trur at KI i framtida vil kunne brukast på ulike måtar i kreative yrke.

– I dag finst det framleis tekniske hinder. Når det gjeld dans, kan ikkje maskina generere dette med det same – det krev mykje dataproduseringskraft. Og står du på ei scene, er ti sekund uendeleg lenge å vente, seier ho.

Men framover vil det gå stadig raskare. Etter kvart kan det bli mogleg å bruke ein app på mobilen.

– Då trur eg vi vil få sjå ganske kule samarbeid mellom KI og menneske.

Kanskje vil vi få sjå andre typar førestillingar, for eksempel der dansarar sine rørsler blir mata inn i KI-en medan dei skjer og KI-en responderer med sine rørsler like etter, foreslår ho.

– Men er det ein ting eg har lært, er det at eg som kjem frå forskingssida alltid vil vere litt bakpå. Når desse tinga er supertilgjengelege og enkle å bruke – for alle – vil det skje ting som eg sannsynlegvis ikkje no kan gjette meg fram til. Då vil vi verkeleg sjå kva plass KI ender opp med å få i kunstverda.

Av Silje Pilberg
Publisert 11. sep. 2023 11:58 - Sist endret 11. sep. 2023 13:21