Obligatoriske aktivitetar ved Institutt for biovitenskap

Kva er ein obligatorisk aktivitet?

Mange emne ved Institutt for biovitenskap har krav om at studentane må ha godkjent obligatoriske aktivitetar for å kunna ta avsluttande eksamen.

Obligatoriske aktivitetar kan vera frammøte eller aktiv deltaking på aktiviteten (laboratorieundervisning, seminar, kollokvium, feltekskursjonar), kommentering av arbeidet til andre studentar, munnlege framlegg, eller innlevering av øvingar og laboratorie- eller feltrapportar.

Kva obligatoriske krav som gjeld for emna er det gitt informasjon om på emneskildringane

Dersom det gjeld fråvær frå første forelesning i BIOS-emne, skal studieadministrasjonen kontaktast før forelesningen startar.

 

Kva må gjerast?

1. Fråvær frå obligatorisk aktivtetet

Dersom du som student er sjuk eller av andre, viktige årsaker ikkje kan delta på ein obligatorisk aktivitet, må du senda inn søknad om fråvær her: 

Merk at dette er ein søknad som må behandlast og ikkje noko som blir innvilga automatisk. Det skylder at det må vera fagleg forsvarleg at du går glipp av ein aktivtet. Faglærar kan òg krevja at du på ein eller annan måte tar igjen det du går glipp av, feks ved ein ekstra innlevering eller at ein deltar på ei anna gruppe/eit anna labparti. 

2. Utsatt innleveringfrist 

Studentar gis inntil 3 kalenderdagar utsetjing ved sjukdom eller uventa hendingar når melding om dette blir sende på e-post til emneansvarlig/gruppelærar innan innleveringsfristen.

Ved utsett innlevering utover 3 kalenderdagar eller etter innleveringsfrist, må studenten senda ein søknad om ytterlegare utsetjing til studieadministrasjonen. Sjukdom blir dokumentert med legeattest.

Dokumentasjon

Som dokumentasjon for gyldig fråvær gjeld legeattest, stadfesting av fødsel/termin eller tilsvarande. Legeattestar må ha underskrift og stempel frå legen for å vera gyldig. Legeattesten må innehalda informasjon om varigheita på det gyldige fråværet. Dersom du har dokumentasjon på papir, kan du skanna eller ta bilde av ho. Ta vare på dokumentasjonen til du har fått svar på søknaden.

Frister

All dokumentasjon må sendast til Institutt for biovitenskap via nettskjemaet seinast 3 dagar etter den obligatoriske aktiviteten. 

 

Kva blir rekna som gyldig fråvær?


Gyldig fråvær frå ein obligatorisk aktivitet kan bli godkjent på bakgrunn av følgjande:

  • sjukdom hos deg sjølv eller nokon du har omsorgsansvar for
  • omsorgsansvar for barn på grunn av koronaviruset
  • karantene eller isolasjon på grunn av koronaviruset
  • fødsel
  • dødsfall i nær familie
  • andre tungtvegande grunnar utanfor kontrollen din

Andre tungtvegande grunnar utanfor kontrollen din kan til dømes vera militærteneste, rettssaker eller politisk representasjon. Også deltaking i idrettskonkurransar eller -samlingar og kulturarrangement og politisk aktivitet på nasjonalt nivå kan bli godkjent.

Ved lengre sjukdom i førebuing til eksamen bør du vurdera å søka om permisjon frå studiane.

 

Spørsmål?

Kontakt Institutt for biovitenskap

Publisert 19. okt. 2021 12:39 - Sist endra 31. mars 2022 12:36