English version of this page

Tapt vitnemål

Dersom vitnemålet ditt er tapt for godt, kan du søkje om å få nytt vitnemål. Fakultetet kan også skrive ut ei stadfesting på den oppnådde graden saman med ei karakterutskrift.

Send søknad

Søknad og dokumentasjon sender du som e-post eller brev til fakultetet som har skrive ut det opphavlege vitnemålet.

Dokumentasjon

For å få utskrive nytt vitnemål, må vitnemålet ditt vere tapt for godt. Dokumentasjonen kan vere til dømes meldinga til politiet dersom vitnemålet er stole, stadfesting frå forsikringsselskap ved tjuveri eller brann, restane av sjølve vitnemålet dersom det er øydelagt eller tilsvarande.

Behandling av søknaden

Dersom søknaden din blir innvilga, vil fakultetet skrive ut eit nytt digitalt vitnemål. Du finn det digitale vitnemålet som digitalt signert pdf i dokumentarkivet i Studentweb. Du kan også dele det med andre via Vitnemålsportalen

I nokre tilfelle er det av tekniske eller praktiske grunnar ikkje lenger mogleg å skrive ut nytt vitnemål, særleg for eldre grader. I desse tilfella kan fakultetet i staden skrive ut ei stadfesting på den oppnådde graden saman med ei karakterutskrift.

Spørsmål?

Kontakt studieinformasjonssenteret på fakultetet.

 

Publisert 23. nov. 2016 19:43 - Sist endret 20. mai 2022 13:58