80-gruppe – Franskspråkleg områdekunnskap (80OMR-FRA)

Om emnegruppen

Emnegruppa utgjer fordjupinga i studieretninga Frankrike innanfor Europeiske og amerikanske studium. Emnegruppa (80 studiepoeng) er sett saman av åtte områdekunnskapsemne à 10 studiepoeng. Studieretninga godkjenner EURO1000 som områdeemne og godkjenner òg eitt emne i fransk litteratur i staden for eit områdeemne, og historieemne etter søknad.

Studiet i fransk områdekunnskap har grovt sett ei tosidig orientering. Hovudvekta er lagt på historie, der pensumlitteraturen som blir brukt, byggjer på moderne historisk teori og metode. Men studiet har òg ei samfunnsorientering, der pensumlitteraturen byggjer på statsvitskapleg, sosiologisk og eventuelt andre metodar og teoriar. All pensumlitteratur er franskspråkleg. All undervisning blir halden på fransk, alle kvalifiserings- og mappeoppgåver skal skrivast på fransk, og alle munnlege og skriftlege eksamenar blir haldne på fransk.


Læringsutbyte
Studentane skal etter å ha fullført studiet ha fått ei brei oversikt over moderne og nyare fransk historie (frå 1600-talet og fram til i dag) og dei grunnleggjande strukturane i fransk samfunnsliv (administrasjon, institusjonar, politisk system osv.). Dessutan skal studentane ut frå eige val ha fått skaffa seg djupare innsikt i viktige periodar, sakskompleks eller hendingar i fransk historie eller sider ved det franske samfunnet. Studentane skal gjennom pensumlitteraturen og undervisninga ha lært å bruke sin kritiske sans og sjå ting frå fleire sider, og fått eit solid grunnlag til å ta eit masterstudium om dei ønskjer det. Studiet skal dessutan gi studentane ein språkleg munnleg og skriftleg kompetanse som set dei i stand til faglege framstillingar på eit høgt nivå, og som kan brukast i andre faglege samanhengar og i yrkeslivet.


Oppbygging og gjennomføring
Emnegruppa har ein klar progresjon, der studentane går frå det generelle og grunnleggjande, (1000-nivå) til fordjupingsemna på 2000-nivå. Studentar som ønskjer det, kan òg velje leseemne (sjølvstudium med rettleiing) på 3000-nivå. Dei to emna i fransk kulturkunnskap på 1000-nivå er obligatoriske, det same gjeld eit avsluttande, obligatorisk emne på 3000-nivå (FRA3501). Dette emnet har ein masterførebuande funksjon.


Utanlandsopphald
Alle studentane har tilbod om eitt semester ved Universitetet/det norske studiesenteret (OFNEC) i Caen, der dei kan ta 30 studiepoeng. Studentane blir òg oppmoda til å reise ut som Erasmus-studentar til samarbeidsuniversiteta våre, særleg universitetet Le Mirail i Toulouse.

Kvalifisering for vidare studium
Emnegruppa oppfyller kravet til fagleg fordjuping som er ein føresetnad for opptak på masterstudiet i Europeiske og amerikanske områdestudier, studieretninga: Frankrike-studier .

Emner i emnegruppen

Obligatoriske emne:

50 sp skal veljast blant følgjande emne:

Relevant for følgende studieprogrammer og studieretninger