Ein lågeffektiv bestselgar

Ei blå, gamal kasse. Min første bil. Kilometerstanden viste vel 308 000 km. Mange bilar er vraka før dei når ei slik køyrelengde. Men for ein Toyota Hiace er ikkje trehundre noko høgt tal.

Desse bilane går gjerne godt opp mot ein halv million kilometer på norske vegar. Om ikkje dette skulle imponere i seg sjølv, så opplever mange av bilane ein oppsving som nyttekøyretøy også etter dette. Dei vert skippa til Afrika, kor dei vert innreia med sittebenkar i lasterommet og jekka litt opp ifrå bakken, og går sidan like langt som kollektivtransport på humpete grusvegar.

Hias, heiter den der eg kjem frå. Lenger sør på vestlandet skal den visst lyde på Hiakk, medan eg frå Skjeen har sikre kjelder på at den der går under nemninga Skiheis. På tross av sin vittige vri ligg nok denne siste varianten nærast den tilsikta uttalen, sidan den speler på uttalen av ace - det engelske ordet for spader. High Ace.

Og det er mange norske handverkarar og andre varebilseigarar som har sitte med gode kort på handa etter eit Hiace-kjøp. Den har vore den mest selde varebilen i landet mellom 1974 og 2012. Den første Januar 2012 gjekk den gamle slitaren ut på dato, då den ikkje kunne møte nye utsleppskrav innførte av EU. Arvtakaren til Hiace heiter Proace, og er eit samarbeid mellom Toyota og Peugeot. 

Men altså, favoritt gjennom 38 år! Kva er det som gøymer seg i kjernen hjå ein slik driftssikker bil?

Ei blå, gamal dame. Besta mi har køyrt Toyota så lenge eg kan hugse. Ein blå Carina frå ca 1990. Ho har teke i overkant godt vare på den. Gjennom alle desse åra er det enno ingen som har sett besta ta bilen sin over treie gir. Eg har mellombels lagt merke til noko ved denne bilen som kan vere med på å belyse spørsmålet ovanfor.

Midt i displaypanelet er to lamper, betydeleg større enn dei andre varsellampene. Den eine er grøn, og heiter economy. Den andre er oransje. Akselererer ein kraftigare enn kva Toyota-ingeniørane ein gong har sett på som økonomisk køyring, hopper lyset frå den grøne lampa over til den oransje. I neste augneblink vil mange merke ei lita svikt i høgre ankelen.

Det står ikkje klart for meg om denne refleksreaksjonen som demper akselerasjonen, er årsaka av urgamle forsiktigheitsinnstinkt trigga av visse sterke fargar, eller heller eit kollektivt miljøsamvit som har utvikla seg gjennom dei to siste generasjonane. Men den vitner utvilsomt om eit smågenialt grep for å påverke bilføraren.

Ein vert stadig gjort merksam på køyrestilen sin, og ofte tar ein seg sjølv i at det er unødig å vere så hissig på pedalen. På oppfordring frå Toyota-ingeniørane, skåner ein motoren ved å køyre på lågare effekt, og auker dermed truleg motorens levetid.

Hiacen har ikkje denne lampa. Men den har eit påfallande lågt effektuttak, typisk på 69 hestekrefter per 2,4 liters dieselmotor. Dette gjer visstnok bilen til ein forsiktig bil i utgangspunktet. Eg har ikkje greie på motorteknikk, men syns dette verkar veldig sjølvforklarande: motoren er kraftig, men bygd for å spare på kruttet. Den går jamt og tåler rikeleg med last, men det er nærast umogleg å råkøyre med den. Sagt med andre ord: kven som helst kan køyre Hiace som ei bestemor, for han har ikkje anna val.

Av Martin Johan Bengtsson
Publisert 28. okt. 2014 22:52 - Sist endret 24. juni 2015 09:23
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere

About-image

Denne bloggen

Dette er bloggen til emnet KUN2201/4201 Designkultur: Ti ting. Her skriver studentene om sine selvvalgte gjenstander og hvordan disse kan forstås i et designkulturelt perspektiv.