Den autentiske skinnjakka

I ein kultur der vi masseproduserar og kopierar og modifiserar objekt, kan ein sei at den originale, autentiske skinnjakka endå eksisterar? 

I løpet av dei to siste månadane har eg fordjupa meg i skinnjakka si framvekst i den vestlege kulturen og korleis den på eit omtrentleg hundreårig tidsspenn har markert seg til å bli eit ikonisk produkt innan designhistorie og kultur i det 20.- og det 21. århundre. Eg har sett på skinnjakka sitt opphav, og tatt utgongspunkt i "Perfecto" jakka designa av Irving Schott i 1928. Eg har sett på korleis jakka har blitt adoptert av ulike subkulturar i det vestlege samfunn utover sitt ordinære bruksområde som ei funksjonabel, vindtett kvalitetsjakke for bikerar. Korleis punkerane og rock kulturen tok til seg jakka i 60- og 70-åra og korleis den endå er eit ikonisk klessymbol for musikkulturen, då spesielt punkrock. Vidare har eg prøvd å sjå på korleis og finne ut når skinnjakka gjekk frå å vere eit kultplagg til å bli eit allsidig plagg brukt på tvers av sosialt tilhøyre eller interesser ved å analysere kva endringar som oppsto i den vestlege kulturen og kva roller det kan ha spelt i denne utvikling. I tråd med dette har eg vist til korleis kjendisstatusen endra seg i løpet av 1990-talet og korleis det kan ha vore ein faktor i dette skiftet. Det eg derimot ikkje har diskutert i noko større utdjupande form er spørsmålet kring autensitet. 

Kva er autensitet? 

I min innleiande bloggpost om skinnjakka viste eg til korleis eg skulle bruke "perfecto" jakka av Schott som det designobjektet eg ønskte å undersøke. Dette då den i utgongspunktet så langt eg kan sjå er den fyrste skinnjakka slik vi kjenner den. Eg beskriver korleis den fyrste jakka såg ut og kva ulike distingsjonar den hadde. Eg nemnde korleis bruk av geiteskinn, kuskinn og hesteskinn kombinert ved å possisjonere glidelåsen assymetrisk og bruke ein beskåren passform utgjorde ein stor forskjell for motorsyklistar i form av komfort og funksjonalitet. Schott produserar endå denne jakka, og til tross for små, ulike modifikasjonar tileigna patenten i løpet av åra, er den originale "Perfecto" i stor grad endå svært populær og svær mogleg å få tak i. På Schott si heimeside kan ein sjå videoar der dei blant anna viser produksjonene av jakka. 

Spørsmålet om autensitet presenterer seg såleis gjennom spørsmålet kring andre merker som også produserer skinnjakker eller jakker i falskt skinn. Som eg i tidlegare bloggpostar har poengtert har skinnjakka endra seg betydleg både i design og materiale. Eit spørsmål eg kjem til å undersøke vidare er kor mykje forandring kan skinnjakka gjennomgå før den ikkje lenger er representativ for den skinnjakka vi tilknyttar som den ikoniske skinnjakka? Er det berre den klassiske "Perfecto" jakka som kan seiast å vere ei autentisk skinnjakke? Kan ei jakke produsert av eit anna merke endå vere autentisk? Kan ei skinnjakke laga i falskt skinn sjåast på som autentisk? Er den endå autentisk dersom ein endrar på design og fasong? Eksisterar endå den ekte autentiske skinnjakka lenger eller lever vi i eit samfunn av gode kopiar og falsk produksjonsverdi?

Kvar går grensa mellom ekte og uekte. Dette er eit interessant spørsmål eg kjem til å undersøke vidare i min endelege essay. 

Av Kristina Aurore Kvåle
Publisert 20. nov. 2015 12:41
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere

About-image

Denne bloggen

Dette er bloggen til emnet KUN2201/4201 Designkultur: Ti ting. Her skriver studentene om sine selvvalgte gjenstander og hvordan disse kan forstås i et designkulturelt perspektiv.