#1: Studiobesøk Anderssen & Voll

Torbjørn Anderssen, ein av designerane i duoen Anderssen & Voll, satt seg ned med oss ein regntung dag i september for å diskutere kring det å vere designer i Noreg, norsk design og det han beskriver som ein manglande fagleg diskurs kring design som industri og merkevare.

Ildhane av Anderssen & Voll.

I eit lite rom på Nedre Foss Gård rett ved Mathallen sit vi klynga og følgjer med på Torbjørn Anderssen av designfirmaet Anderssen & Voll vise fram og fortelje om einskilde produkt. Om tankane bak og prosessen som førte til dei. Det seier seg sjølv at det er interessant å høyre på. Ikkje berre fordi Anderssen & Voll er eit firma som sidan sin start i 2009 har utmerka seg innan norsk og nordisk møbeldesign, men også på grunn av dei mangfaldige tankane kring design som fagfelt og industri Anderssen gjer undervegs i diskursen. Anderssen, som vart uteksaminert frå Kunst- og designhøgskulen i Bergen i 2002 har ved sida av Norway Says prosjektet frå tidleg 2000-talet og etableringa av A&V også tidvis fungert som professor emeritus hjå Kunst- og designhøgskulen i Bergen. Det er dette eg kanskje bit meg mest merke til, denne diskursen kring det fagkritiske og mangelen derav i norsk designkultur. Eller, kanskje mest av alt, Anderssens entusiastiske etterlysning av ein konstruktiv fagdiskusjon kring den norske desingindustrien.

Medan han viser fram lysestaken Ildhane, eit interessant og estetisk vakkert objekt, og fortel om lysestakens tilblivelse. Dens prosess frå konsept til produksjon og ferdig produkt. Om stakens funksjon, både estetisk og tingleg, kjem Anderssen også inn på temaer om marknadsføring og produkt satt i samanheng med forbrukarane. Lysestaken, som held sin tyngde i jarn verkar simplistisk samsatt ved fyrste augekast, men ved nærmare observasjon avslører kurven seg for å vere både kalkulerte og bevisst, så vel som organisk og naturleg. Det slår meg medan eg held den at lysestaken i seg sjølv framstår som ein slags eksemplifisering av designfilosofien hjå A&V, så vel som for den faglege debatten Anderssen søker. Filosofien til A&V er at produkta skal halde på eit visst rustisk preg som tåler avvik i produksjon og er av tåleleg materiale. Dette er produkt som skal vare lenge. Objektets funksjonalitet skal synleggjerast og ikkje pyntast over. Noko som kjem godt til syne i Ildhane, der lysestakens funksjon også avslører objektets kunstnariske uttrykk og vise versa. Ein dualistisk tankegong som kanskje ellers forsvinner litt i norsk samtidsdesign.

Det er mykje snakk om det organiske og naturlege innan norsk design. Det skal vere "norskt", fortel Anderssen. Problem oppstår, i følge han, med tanke på at vi ikkje eigentleg har ein sterk nasjonalt samla designindustri. Då er designindustrien i Danmark og Finland mykje meir typisk nordisk og mykje meir "organisk". Norsk designindustri har generelt, i følge Anderssen, mykje å lære frå den danske og finske industrien. Eit utsagn som spelar rett inn i den lange debatten om kor vidt norsk design klarar å halde mål på den internasjonale marknaden. Det handlar i stor grad om ein heilt ulik forretningskultur og merkevareforståelse som vi i Noreg endå held på å utvikle og lære. Han viser til korleis nyutdanna designerar i til dømes Danmark har ein større kultur av å starte eigne prosjekter og firmaer der norske ferdigutdanna designerar møter til stadigheiter eit problem når dei etter endt utdanning skal ut i arbeidslivet. - I Danmark har dei ein bedre forståelse av forretningskulturen og å etablere ein forretningsplan, medan i Noreg sit vi endå med eit slags "høna eller egget" dilemma. Skal vi bruke pengar for å tjene pengar eller må vi tjene pengar for å kunne bruke dei?

Der er ein viss avstand i designutdanninga mellom praksis og teori, hevdar Anderssen. Han har fleire gongar stilt som sensor på eksamensutstillingar for blant anna Kunsthøgskulen i Oslo og er med tida blitt kritisk til osloskulane. Han viser til eksamensprosjekt som verken engasjerar studentane eller sensor. Det skal, i følge Anderssen, tilsynelatande ofte vere eit hovudfokus på det sære, og det blir til tider kanskje for sært.

Noko som bringer oss tilbake til Ildhane. Ein lysestake som bærer tydleg preg av sin produksjonsprosess og sin funksjon, men samstundes også har sitt særeigne kunsteriske uttrykk. Dens funksjon som lysestake blir ufeilaktig kommunisert av dens form og viser eit tydleg preg av det personlege språket til designarane. Staken i seg sjølv blir nesten som eit symbol for debatten kring designerens personlege, kunstnariske uttrykk kombinert med kalkulerte merkevareforståing. Så er det viktig å presisere at det er ikkje det sære som sært som verkar å vere utfordringa til designkulturen i Noreg, men moglegvis avkoplinga mellom tanken på konsum og marknadsforståing. Design som kunstnarisk uttrykk er sjølvsagt, det som for meg verkar å vere eit av hovudpunkta til Anderssen er meir det presserande behovet for bevisstgjering av dei kommersielle aspekta ved design og den manglande fagdebatten kring dette.

Av Kristina Aurore Kvåle
Publisert 25. sep. 2015 13:49
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere

About-image

Denne bloggen

Dette er bloggen til emnet KUN2201/4201 Designkultur: Ti ting. Her skriver studentene om sine selvvalgte gjenstander og hvordan disse kan forstås i et designkulturelt perspektiv.