IRSK4130 – Kontrastiv gælisk
Timeplan, pensum og eksamensdato
Kort om emnet
Samanlikning av dei einskilde gæliske språka, med særskild vekt på skilnadene mellom irsk og skotskgælisk, og mansk.
Kva lærer du?
Studentane skal kjenne grunndraga i skotskgælisk og mansk, og kunna gjere greie for språkutviklinga i dei gæliske språka og dialektane, og dei grunnleggjande skilnadene mellom dei.
Opptak og tilgangsavgrensing
Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.
Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram eller søkje om å bli enkeltemnestudent.
Forkunnskapar
Obligatoriske forkunnskapar
IRSK1100 – Innføring i irsk (nedlagt) og IRSK2100 – Innføring i gammelirsk (nedlagt)
Overlappande emne
10 studiepoeng overlapp mot IRSK2130 – Kontrastiv gælisk (nedlagt)
Undervisning
5 timar i veka i 12 veker, 4 av timane vert undervist saman med IRSK2130.
Adgang til undervisning
Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk undervisning, har du ikkje krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.
Eksamen
To mindre obligatoriske oppgåver skal leverast undervegs i semesteret og må godkjennast for at studenten skal kunne avleggje eksamen. Ein 4-timers skriftleg eksamen danner grunnlaget for karakteren.
Hjelpemiddel
Ingen hjelpemiddel er tillatne.
Eksamensspråk
Du kan svare på eksamen på norsk, svensk, dansk eller engelsk. Søknad om engelsk oppgåvetekst sender du til kontaktpunktet for emnet.
Karakterskala
Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.
Grunngjeving og klage
Tilgang til ny eller utsett eksamen
Trekk frå eksamen
Det er mogleg å ta eksamen i emnet inntil tre gonger. Dersom du trekkjer deg frå eksamen etter fristen eller under eksamen, brukar du eit eksamensforsøk.
Tilrettelagt eksamen
Søknadsskjema, krav og frist for tilrettelagd eksamen.
Evaluering av emnet
Vi gjennomfører fortløpande evaluering av emnet, og med jamne mellomrom ber vi studentane delta i ei meir omfattande evaluering.
Anna
Høgst 30 studentar.
Obligatorisk erklæring vedrørende fusk skal leveres med alle obligatoriske kvalifiseringsoppgaver og eksamensbesvarelser:
Obligatorisk erklæring (bokmål)
Obligatorisk erklæring (nynorsk)